Etter 25 år som lærar begynte Linda Sagerøy Solaas i jobben som rektor ved Kyrkjebø skule i august. Ho tok over etter Hanne Hjelmeland Ørnehaug som hadde jobben i fire år, før ho søkte nye utfordringar som ny grunnskulesjef i Vestre Toten kommune.

Frå klasserommet til rektors kontor

Etter å ha jobba som lærar ved skulen i 25 år tok Linda Sagerøy Solaas over leiarrolla som rektor på Kyrkjebø skule i august.


– Eg har god kjennskap til både skulen, drifta og personalet her etter alle åra som lærar. Det har vore ein jobb som eg har trivst veldig godt i, og eigentleg såg eg for meg at eg kom til å vere lærar også i tida framover, men da rektorstillinga vart utlyst vart eg oppmoda til å søke, og fann ut at eg ville prøve å gripe sjansen. Det gjekk min veg, og eg fekk jobben, seier ho til Ytre Sogn. 

Ho legg til at det gode skule- og arbeidsmiljøet som dei har på Kyrkjebø gjorde valet om å takke ja til jobben som rektor ganske enkel.

Andre arbeidsoppgåver

Per i dag har skulen 51 elevar og 15 tilsette, og i den nye leiarrolla blir arbeidskvardagen til Sagerøy Solaas litt annleis enn tidlegare.

– Som rektor har eg heilt andre typer oppgåver. Blant anna er det personalansvar, administrative oppgåver, og meir møteverksemd enn tidlegare, fortel ho.

Ho legg til at ho i tillegg til oppgåvene som rektor også held fram med litt undervisning i klasserommet.

– Kontakten med elevane er noko eg verdsett høgt. Og så er det også viktig for meg å ha kjennskap til kva som skjer inne i skulebygget.

Utfordringar og fordelar

Når det gjeld utfordringar og fordelar i den nye jobben svarer den blide dama i rektorstolen;

– I ei såpass lita eining som dette så er ein eigentleg litt aleine i det administrative. Og sjølv om eg kan ta kontakt med dei andre i oppvekst, så må eg finne ut av ein del ting på eigenhand. Fordelen er at eg har vore her i såpass mange år, og kjenner godt til drifta og skulestrukturen, seier ho.  

Ved Kyrkjebø skule er det per i dag 51 elevar og 15 tilsette, og no er det Linda Sagerøy Solaas som er sjefen for både store og små der.

Same yrkesval

Linda har ein fin «sparringspartnar» i den to år eldre søstera Kristin, som har valt same yrkeskarriere, og som i dag er rektor ved Høyanger vidaregåande skule.

– Det hender eg diskuterer eller rådfører meg med ho. Både som lærar og når eg søkte på denne jobben. Sjølv om eg jobbar på ein 1.-7. skule, og ho på vidaregåande, så finst det likevel nokre likskapar. I tillegg til hjelp og råd frå storesøster får eg også god støtte frå nettverket med dei andre rektorane rundt om i kommunen, forklarar Linda.

Låg litt i korta

Som ung var ikkje lærar noko Sagerøy Solaas var fast bestemt på å bli.

– Eg tok nokre fag i Sogndal og Bergen etter vidaregåande, og «ramla» på ein måte litt tilfeldig inn i det. Men eg har jo alltid vore glad i lese, og tykte også at skule og skulefag var veldig kjekt. Så det henger kanskje litt saman med det, fortel ho.

– Korleis har skulen og skulestrukturen endra seg sidan du begynte som lærar i 1999?

– Den største forskjellen er nok alt det digitale som er kome inn. Men læreplanar og fokusområde har og endra seg opp gjennom åra. Eg trur og at vi kanskje kjenner elevane betre i dag enn det ein gjorde tidlegare, og at vi brukar meir tid på å jobbe med skulemiljø, klassemiljø og relasjonar. 

Ønsker å bli værande

Når den ny-tilsette rektoren ikkje er på arbeid nyter ho fritida saman med familie og vener, og ho er glad i fotturar ute i naturen og i å vere korpsmusikant, noko ho har vore sidan ho var rundt 10 år gamal.

– Kjem du til å bli på Kyrkjebø skule fram til den dagen du takkar av?

– Det kjem sjølvsagt ann på korleis ting utviklar seg, for det er jo alltids ein diskusjon om skulestruktur og andre ting i kommunen som kan påverke Kyrkjebø skule som ein må ta når det kjem, om det kjem. Men slik det er per i dag, så ser eg for meg at eg blir værande her.