– Eg blir ikkje betre enn elevane mine. Det er innsatsen deira som skapar resultata våre innanfor entreprenørskap.
Det seier assisterande rektor ved Høyanger vidaregåande skule og avdelingsleiar for yrkesfag, Ståle Walsvik.
Han er ein av åtte som er nominert som «Årets entreprenørskapslærer» i Norge. Kven av dei nominerte som blir tildelt prisen vil bli avgjort i løpet av hausten.
– Ein blir automatisk nominert til «Årets entreprenørskapslærer» i Norge når ein får same utmerking på fylkesnivå, noko eg fekk under fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter i Førde i mars. Så det er nok inga stor nyheit sånn sett at eg er nominert på landsnivå, men det er klart at det er gjevt uansett.
Skaping som verdi
Høyanger vgs. har utmerka seg over lengre tid som ein skule der entreprenørskap står sterkt, noko skulen også har fokus på ifølge Walsvik.
– Det er viktig for skulen at vi legg til rette for at elevane skal kunne skape og tenke nytt. Dette er kvalitetar som Høyangersamfunnet treng, og som ein skule som er opptatt av vårt samspel med samfunnet vi er ein del av blir entreprenørskap da også ein viktig verdi for oss.
Og med eit nytt skuleår i gong er det og tid for ein ny runde med entreprenørskap.
– På fredag skal vi ha entreprenørskapsdagen som vi har tradisjon for å halde i samarbeid med Ungt Entreprenørskap. Da skal elevane utfordrast gjennom ulike oppgåver, og så skal dei etablere sine eigne ungdomsbedrifter på slutten av dagen.
På berre ein einaste skuledag må elevane ved skulen kome opp med ein forretningsidé og eit produkt som så blir presentert for medelevane og eit panel beståande av næringslivsfolk og andre som kan gi kvalifiserte tilbakemeldingar på det elevane ønsker å jobbe med gjennom skuleåret.
– Elevane er veldig kreative og flinke, og det er alltid moro å sjå kva dei kjem opp med av idéar. Så det blir spanande å sjå på fredag kva som blir årets bukett av ungdomsbedrifter på skulen vår.