Kan staten handle annleis?


Spørsmålet om Tronvik får i beste fall eit halvgodt svar frå helse- og omsorgsminister Kjerkhol.  Ministeren skriv at «regjeringen (vil) komme nærmere tilbake til behandlingstibudene til personer med rusmiddelproblemer spesielt».

Ministeren kunne ha svart på Seher Aydar sitt spørsmål frå Raudt at regjeringa vil auke løyvingane til helseforetaka, i dette tilfellet Helse Førde, slik at ein unngår nedlegging av rusbehandlingseininga på Tronvik.

Kjerkhol kunne ha svart slik fordi det finst pengar milliardsummar dersom regjeringa vil reversere tidlegare borgarlege regjeringar sine skattereduksjonar som har kome dei søkkrike mest til gode.

Så korfor ikkje?

Eit anna misforhold: Høyanger kommune vil i 2024 måtte betale nesten 30 millionar kroner i renteutgifter. Noko kan skuldast nye investeringar, men «milelangt» frå alt. I 2022 var renteutgiftene 15,9 mill. og 2021 8,6 mill. kr.

Renteutgiftene skuldast at sentrale myndigheiter, Regjering og Storting, har gitt Sentralbanken frie hender til å auke rente-satsane. Det er uaksetabelt ut over både vanlege folk sine rente- og bustadutgifter, men også kommuneøkonomien slik at tenester og ytingar blir skadelidande.

Seierherren er bankane – ikkje minst DNB, der staten er største eigar (34 %). På nettet kan ein lese seg til at «Statens mål som eier er høyest mulig avkastning over tid innenfor bærekraftige rammer.»  

Berekraftig? Ja, renteauken bidreg i alle fall til at DNB-sjefen Kjerstin Braathen, tente 15,4 millionar kroner i 2022. Det var omtrent det same som Høyanger kommune sine renteutgifter. Raudt forventar ikkje at Braathen skal jobbe gratis, men er det banksjefane eller reinhaldarane og helsarbeidarane som er «vanlige folk» og som skal vise måtehald?

Fleire bør etter kvart stille spørsmålet: Er staten blitt til for vanlege folk eller for dei rike? Er vi på veg bort frå det som i tida fram til rundt 1980 på mange måtar kunne oppfattast som ein slags sosialisme; mindre til dei rike og meir til fleirtalet?  

I valet mellom eit sosialistisk samfunn som jamnar ut klasseforskjellane eller ein omfordelingspolitikk NO til fordel for vanlege folk, står Raudt for begge deler.

Einar Rysjedal
Leiar Raudt Høyanger