Prest Andreas Ester i rolla som «engelen Andreas» leia julegudstenesta på Kyrkjebø tidlegare i desember.

Julegudsteneste for born i Kyrkjebø kyrkje

I år var tida komen for å gjenopplive ein koseleg førjulstradisjon på Kyrkjebø, nemleg julegudsteneste for born.


Gudstenesta var laga til som ei adventssamling etter skuletid. Nokre av borna møtte opp på skuleplassen og gjekk saman ut til kyrkja, og nokre møtte vi på vegen. Dei som gjekk saman utover, vart leia av engelen Andreas, til dagleg kjent som presten Andreas Ester. Turen var lagt opp som eit slags vandreteater, der ein sjølv fekk vere ein del av forteljinga om Jesu fødsel, og reisa gjekk «til Betlehem, til Betlehem». På vegen utover møtte borna ein gjetar som spelte vakre juletonar, og ein vismann som hadde med gåver til Jesus-bornet. Det var Harald Dahlstrøm og Inger Cecilie Fitje som spelte desse rollane på ein strålande måte for dei ivrige borna, som tidvis låg nokre hakk framfor engelen som skulle vise vegen. 

Etter ein tur i vakkert, men kaldt vintervêr, var det godt å komme inn i kyrkja der det var lunt og koseleg. Fleire andre vaksne hadde også funne vegen til kyrkja denna mandag formiddagen. Det vart mellom anna servert kake, lussekattar, saft og kaffi. Det var inga avgrensing på kor mange gonger ein kunne forsyne seg, og i løpet av gudstenesten forsvann det meste. 

På veg ut til kyrkja møtte deltakarane mellom anna på «vismannen» Inger Cecilie Fitje som hadde med gåver til Jesus-bornet.

Framfor alteret stod krybba med Jesus-bornet og danna eit fint bakteppe for gudstenesta. Presten fortalde frå juleevangeliet, og Harald spelte piano til songane som kyrkjelyden sang med på. Det vart sunge kjende songar med hyggjelege bodskapar, og teksten var på storskjerm for dei som trong det.

Gudstenesta var tilpassa målgruppa, men synte samstundes korleis det er i ei ordinær gudsteneste med preike, tekstlesing, kunngjeringar og klokkeslag. 

Då presten trengte frivillige til å tenne to lys i adventsstaken fekk han eit problem; det var for mange som ville ha denne oppgåva. Uansett, lysa vart i alle fall tent og kyrkjelyden song dei to første versa av songen «Tenn lys» av Eyvind Skeie og Sigvald Tveit. Fire born fekk lese små tekstar med fine ord og ønsker for menneska, som fred og nok mat til alle. 

Det vart også litt godt å bite i for dei som vart med på julegudsteneste.

Gudstenesta vart avrunda med litt prat og dei siste restane frå matbordet. Arrangementet vart stelt i stand av kyrkja i Høyanger, i samarbeid med lokale frivillige og soknerådet på Kyrkjebø. Dette var første julegudsteneste for born på mange år i Høyanger kommune, og det var brei semje om å gjenta suksessen. Det har vore ei lita utfordring å få ut informasjon om dette arrangmentet, og det kan kanskje bli endå betre til neste gong, slik at alle som ønsker det kan få delta.

Linn Elisabeth Dregelid