Kvar einaste julaftan og nyttårsaftan stiller Fagforeningens Musikklag opp på sjukeheimen i Høyanger for å spele julesongar til bebuarane der. Kor lenge dette har vore tradisjon er noko uvisst, men 60-talet vart nemnt som tiåret der denne tradisjonen vart starta.
Tubaspelarane Anne Merete Førde og Kjell Oma synest det er eit flott og givande fast innslag i musikklaget sitt årsprogram.
– Det er uformelle konsertar dette der dei som har tid og lyst stiller, og så spelar vi eit lite repertoar med julesongar for dei ulike bugruppene på sjukeheimen. På julaftan har vi også ein ekstra konsert under den felles julefeiringa som er her på helsesenteret.

Fleire av dei yngste i korpset som spelte på helsesenteret under årets julefeiring bur ikkje i Høyanger, og deltek derfor ikkje på dei ordinære øvingane. Julefeiring heime gjer til at dei kan bli med på konsertar som dette, noko som og er med på å gjere helsesenterkonsertane litt spesielle.
– Vi er jo som ein slags utvida familie, og det er veldig triveleg når «familiemedlemmar» som bur andre stadar kjem heim til jul og blir med og spreier musikalsk glede på helsesenteret.
Magisk og makelaust
Musikklaget sine framføringar på helsesenteret i juletida er utvilsamt og noko som både bebuarar, tilsette og pårørande set pris på.
– Vi får mange koselege tilbakemeldingar, og det er triveleg å bli sett pris på. Vi fekk til dømes ei melding frå ein pårørande etter spelinga vår her på julaftan der vedkomande omtalte det som heilt magisk og makelaust å komme inn på sjukeheimen medan vi spelte.
For Fagforeningens Musikklag vart 2024 eit meir normalt år etter feiringa av 100-årsjubileet i 2023.
– Fjoråret vart naturleg nok ekstraordinært, og med det og litt ekstra travelt, men vi har no funne på mykje moro i år og. Her må vi særleg få trekke fram det fine samarbeidet vi har med Høyanger Skulemusikk som vi har hatt dei siste åra. Dei eldste der er med på øvingane våre, noko som gir oss mykje, og vi håpar at dei også har både nytte og glede av å spele med oss.