Søndag 10. desember står KUL-koret for eitt av dei musikalske innslaga under den årlege julekonserten i Ortnevik kyrkje på Høyanger sørside. Her syng dei tidlegare i haust under eit arrangement i Kyrkjebø kyrkje.

Inviterer til julekonsert i Ortnevik kyrkje

Med få veker igjen til jul er det igjen klart for den årlege jule­konserten med lokale aktørar i Ortnevik kyrkje.


– Konserten som er i regi av Bjordal og Ortnevik sokneråd finn stad søndag 10. desember. Dette har vore ein tradisjon som vi har hatt samanhengande dei siste åtte åra. Det året koronapandemien braut ut nådde vi akkurat å gjennomføre konserten før nedstenginga var eit faktum. Julekonsertane i etterkant av dette vart gjennomført med omsyn til dei restriksjonane som då var gjeldande, seier nestleiar Sissel Sørebø til Ytre Sogn.

Lokale aktørar
Ifølge Sørebø er det lokale krefter frå både nord- og sørsida av fjorden som har stått for dei musikalske innslaga under den årlege konserttradisjonen i Ortnevik.

– I tillegg til Lavik Kantori med dirigent Gerda Otterstein som vi tidlegare har hatt eit samarbeid med, og som har vore her fleire gonger, har vi også hatt med veldig mange flinke lokale aktørar både herfrå og områda rundt. Både unge og vaksne som mellom anna Anders Brekke og sonen Eldar har vore med å skape god julestemning i Ortnevik kyrkje opp gjennom åra. Denne gongen er det blant anna Camilla Merkesvik og KUL-koret frå Kyrkjebø som står på podiet, og det gler vi oss til.

Det har vore julekonsert i Ortnevik kyrkje kvart år dei siste åtte åra.

KUL-koret på besøk
Ho legg til at det er travle dagar for KUL-koret den helga.

– Koret skal ha eigen konsert i kyrkja på Kyrkjebø på laurdagen. Så det at dei takkar ja til å ta turen over fjorden til oss på søndagen, er vi utruleg takknemlege for, fortel nestleiaren.

– I denne mørke tida med mykje krig og uro som skjer rundt om i verda så er det ekstra viktig å samlast til ein hyggeleg kveld der ein kan syngje julesongar og tenne ljos saman. Dette er eit av dei arrangementa som dreg mange til Ortnevik kyrkje, som er ei høgtidskyrkje som har berre seks gudstenester i året. Så vi håpar at mange også tek turen den 10. desember, der det til liks med andre år er duka for god julestemning. Det er ein kjempefin tradisjon som mange set pris på, og som vi vil fortsette med i mange år til, avsluttar Sørebø.