Joker Kyrkjebø (bildet) og John Gerick Bårøy vart høvesvis «Årets høyangring» og «Årets hyllestading» i 2023. No kan du nominere kandidatar til årets kåring.

Bli med og nominer «Årets» kandidatar!

I fjor var det Kyrkjebø sin møteplass nr. 1 og ein gladgut i Lifjorden som vart kåra som «Årets høyangring» og «Årets hyllestading». No kan du komme med forslag til årets nominerte.


Å kåre «Årets høyangring» og «Årets hyllestading» er ikkje gjort i ei handvending. Først må det nominerast kven som skal bli dei nominerte, og etter ein liten diskusjonsrunde i redaksjonen til Ytre Sogn vil det bli presentert ein handfull kandidatar frå dei to kommunane som folk vil kunne stemme på.

– Dette blir den tredje «Årets» kåringa i vår regi, og for oss i Ytre Sogn er dette eit høgdepunkt på året der vi kan vere med på å løfte fram gode lokale krefter, seier redaktør Stig Hovlandsdal Øvreås.

Han håpar på like stor respons på kåringa i år som det har vore dei føregåande åra.

– Vi fekk inn mange forslag til kandidatar både i 2022 og 2023, og det er sjølvsagt viktig for oss at det kjem så mange velbegrunna forslag som mogleg, slik at vi kan gi lesarane våre gode kandidatar å stemme på.

John Gerick Bårøy er ein blid fyr med mange jern i elden. I fjor vart han kåra av sine medinnbyggarar som «Årets hyllestading».

I fjor kom det heile 126 innspel til kven som fortener litt ekstra heider og ære på tampen av året.

– Jo fleire forslag vi får, jo større er sannsynet for at nokon som verkeleg fortener utemerkingane får dei. Under sjølve avstemminga i fjor kom det inn nesten 3000 stemmer, så det er ingen tvil om at «Årets» kåringa engasjerer lokalt. 

Nokre legg og inn litt ekstra innsats i eit forsøk på å sikre at sin kandidat vinn.

– Vi har ikkje hatt nokon restriksjonar på stemminga, og ser at nokre prøver å manipulere resultatet til fordel for sin kandidat på ymse vis. Men det er nok forgjeves, for vi har måtar å fange opp og luke ut slike forsøk på stemmetriksing.

Siste frist for å komme med forslag til nominerte er onsdag 20. november. Kort tid etter vil dei nominerte bli presentert, og avstemminga opna. Ein vil kunne stemme fram til fredag 20. desember, og som i tidlegare år vil vinnarane bli avslørt og presentert av Ytre Sogn i romjula.

Nominer her