Inviterer minister på besøk

Ordførar Petter Sortland har invitert helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol på besøk til Tronvik.


Sortland håpar ministeren vel å ta turen for å få eit innblikk i kva dei tilsette ved Tronvik gjer for menneske som slit med rus og verknader av rusmisbruk, og ordføraren understrekar og at besøket eventuelt bør skje før Helse Førde sitt styremøte 25. januar der framtida til Rus Døgn på Tronvik vil vere tema.

I brevet til ministeren stiller Sortland spørsmål ved om Helse Førde kan legge ned Rus Døgn på Tronvik etter eit stortingsvedtak 7. desember om å umiddelbart stanse nedbygging i døgnplassar innan psykisk helsevern.

– Er Tronvik å rekne som ein del av psykisk helsevern? Går rusbehandling under psykisk helsevern? Og kva er nedbygging? Er det netto nedbygging som gjeld, eller kan ein rekne på eit snitt regionalt/nasjonalt? Helse Norge skriv på sine nettsider at «psykiske helsevern er undersøking og behandling av psykiske lidingar, og at det «skjer på sjukehus og i distriktspsykiatriske sentre (DPS)». Tronvik høyrer til psykiatrisk klinikk i Helse Førde, og er eit distriktspsykiatrisk senter!

Pasientar og tilsette ved Rus Døgn har laga pepperkake-Tronvik, og no har helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol fått invitasjon til å komme på besøk til fullskalaversjonen av rusinstitusjonen. (Foto: Tronvik Rus Døgn)