Forsøk på innbrot i Lavik

Natt til tysdag fekk Lavik Torg besøk av ubodne gjestar.


Takka vere gode sikringstiltak klarte ikkje dei ubodne gjestane å få med seg noko av verdi, og heller ikkje å bryte seg inn i bygg på Lavik Torg, sjølv om dei hadde gjort forsøk på dette.

– Dei har rota litt rundt ute og forsøkt å bryte opp ei dør på eit skur, men ikkje lukkaste med det. Dei fekk nok ikkje med seg det dei var ute etter her hos oss, fortel Ann Elisabeth Lavik Akse i eigedomsselskapet Torbjørn Lavik Eigedom AS.

Lavik Torg gjekk ut på facebooksidene sine og åtvara andre om at det var tjuvar på ferde i bygda då dei oppdaga kva som hadde skjedd.

– Nokre er ekstra langfingra, og ei hending som dette er ein tankevekkar for oss. Vi er glade for at vi har eit godt alarmsystem og ulike typar preventive tiltak på plass som hindrar tjuveri.

Lavik Torg la ut ein post på sine facebooksider då dei oppdaga at dei hadde hatt ubodne gjestar på besøk natt til tysdag, og oppmoda andre om å passe godt på tinga sine.

Loggført hending

Politibetent Lasse Trones ved Høyanger politistasjon fortel at dei har vore på staden og føretatt undersøkingar.

– Vi kan ikkje utelukke at det er omreisande vinningskriminelle som har vore på ferde her, men har samstundes ingen sikre haldepunkt for at det er det. Per no har vi ingen spor å forfølge, og har heller ikkje fått melding om andre tjuveri eller innbrotsforsøk i vårt område.

Trones fortel at politiet i samråd med aktørane på Lavik Torg har blitt einige om å ikkje opprette ei politimelding på hendinga, men den har blitt loggført i politiet sitt operative system.

– Hendinga er lagt inn med eit etteretningsnotat som andre politikontor kan få fram om det skulle skje tilsvarande episodar andre stadar, og det skulle danne seg eit mønster.

Trones oppfordrar på generelt grunnlag både folk og bedrifter om å sikre eigendelane sine så godt dei kan.

– Lås syklar, bodar, hus og andre eigendelar, og gjer førebyggande tiltak. Vi tilrår og å installere kameraovervaking. Eit anna tips er å få ein nabo til å sjå innom heimen sin om ein skulle vere vekkreist over ei viss tid, noko mange jo er no på sommaren.