Såpass mange var innom Sognefjordfestivalen i år at det på eit tidspunkt ikkje var parkeringsplassar å oppdrive i Leirvik. (Foto: Sergii Afanasiev) Foto: Sergii Afanasiev

Full klaff for Sognefjordfestivalen

Sognefjordfestivalen i Leirvik vart i år som før svært godt besøkt.


Det vart både varmt og solfylt i Leirvik laurdag under Sognefjordfestivalen, og det førte til at folk valde å kose seg litt ekstra denne dagen.

– Kor mange som var innom festivalområdet er vanskeleg å sei, men det var minst like mange besøkande i år som i fjor, noko vi er svært godt fornøgde med, seier medarrangør Erna Braastad.

Litt av grunnen for at det vart så mange i Leirvik sentrum denne dagen var fordi folk rett og slett ikkje reiste igjen når dei først hadde komt.

– Dei besøkande tok seg god tid og var lenge her. Det var masse å gjere på området som var gratis å delta på, så det tok litt tid om ein ville få med seg alt. Det var og litt underhaldning i løpet av dagen som mange gjerne ville få med seg.

(Foto: Sergii Afanasiev)

(Foto: Sergii Afanasiev)

Det var masse å delta på og oppleve under Sognefjordfestivalen. Alt frå frisbeekasting til hesteridning og helsing på brannbamsen Bjørnis. (Foto: Sergii Afanasiev)

Treng meir parkering

Med godt oppmøte vart det travelt for alle involverte i Sognefjordfestivalen i år. Det inspirerer til gjentaking, sjølv om det og er heilt greit for arrangørane at årets utgåve no er over.

– Det gjekk i eitt og var ein utruleg kjekk dag, men det krev jo og mykje å arrangere denne typen dagar. Eg må få rette ein stor takk til alle dei frivillige som stilte opp, og som bidrog på mange ulike område denne dagen. Uten deira innsats hadde dette aldri gått.

Såpass mange var det som tok turen til Sognefjordfestivalen i år at det på eit tidspunkt gjekk tomt for parkeringsplassar i bygda.

– Parkeringsvaktene våre fekk eit problem der, men med godt humør og litt kreativ problemløysing ordna det seg fint det og.

Klovnen Opsi hadde mange triks på lur. (Foto: Sergii Afanasiev)

Fullt hus

I samband med Sognefjordfestivalen arrangerer Hotel Sognefjord og fast «Havets festbord» på kvelden, og her vart det fullt hus med knappe 100 gjestar. 

– Det vart kjempestemning på hotellet med masse god sjømat, og vi fekk mange gode tibakemeldingar på opplegget denne kvelden. Då etinga var over vart det fest med musikk frå Hunky Dory V:2.0, noko som og var svært populært. Folk strøymde til frå nær og fjern. Det vart ein skikkeleg kjekk dag heilt frå morgonen og til langt ut på natt.

Mange nytta høvet til å handle i salsbodane eller i butikkane som held til fast i Leirvik. (Foto: Sergii Afanasiev)