Inngår avtale med Min heim AS


Med 15 mot 4 røyster vedtok kommunestyret i Høyanger å inngå opsjonsavtale med Min heim AS, om bygging av einebustader på Nedre Hovland i Vadheim.

Som eigar av tomtene på Nedre Hovland i Vadheim - regulert til bustadføremål i detaljreguleringsplan - inngår kommunen opsjonsavtale med utbyggjarselskapet, som ønskjer å nytte området til bygging av einebustadar. Dette røysta Ap, Sp og H for, medan R og SV røysta imot.

Endra rekkjefølgje

Men Raudt-representant Einar Rysjedal var med på å gje rådmann i oppdrag å starte nødvendig prosess, med føremål å endre rekkjefølgjekrav for utbygging i detaljerguleringplan for bustadfeltet.

- Tilrådinga er todelt, og del nummer to er eit godt forslag som gjeld rekkjefølga. Eit samrøystes kommunestyrevedtak frå 2016 sa at dei såkalla strandtomtene skulle vere dei siste tomtene som skulle seljast, noko som har vore med og bremse interessa for bygginga. Det at ein no tek på alvor det som kom fram på planutvalsmøtet i juni og endra på dette, er noko Raudt vil røyste for, sa Rysjedal.

Del ein var han meir skeptisk til, og kom med framlegg om å utsetje det til framdriftsplanen som er nemnt i avtalen føreligg.

- Dersom utsetjingsframlegget vert forkasta har partiet følgjande subsidiere forslag; Kommunestyret vedtek at kommunen skal stå for marknadsføring og sal av tomtene på nedre Hovland i Vadheim, som startar straks opparbeiding er ferdig, sa han.

-Hastar med vekst

Etter eit ort gruppemøte i Sp vart det røysta over utsetjingsframlegget til Raudt, som fell med 4 mot 15 røyster.

-Sp valde å ikkje støtte utsetjingsforslaget fordi byggjefeltet og utbygginga i Vadheim har versert i mange år, og det er på tide å prøve å kome seg vidare. Det er nok litt uheldig at ein skapar litt presedens ved at ein utbyggjar kjem inn og rekkjefølga på utbygginga blir endra, sa Geir Helge Østerbø.

- Men eg er ikkje einig i argumentasjonen til Raudt om at vi som kommune er gode nok og bør ta dette med sal og marknadsføring sjølve. All historie viser at vi ikkje akkurat har lukkast så veldig med det. Det er hastar å få til ein vekst i Vadheim, så det å få ein privat aktør inn er ein sjanse vi bør ta. Dette er så positivt at Sp vel å støtte administrasjonen sitt forslag, sa han.

Sp-representantane Leif Arne Fureli og Eirin Borlaug gjekk begge frå som ugilde i saka