Industrien treng kraft, kraftdebatten treng fakta


I Høyanger har kraft og industri spela saman i over 100 år. Verket og industrien i Høyanger har kvilt på god tilgang til kraft. No styrer Noreg mot høgare kraftprisar, og Hydro varslar at det er alvor. Hydros kraftkontakter sikra Høyanger-verket gjennom energipriskrisa. Men i 2030 går fleire av desse ut på dato. Når Hydro seier dei treng at det vert utvikla meir kraft for å syte for at industrien har levelege kraftprisar, bør Høyanger samfunnet lytte. Det står om framtida. 

Aluminiumsverket i Høyanger er det  minste i Hydros system i Noreg, og det som er mest utsett. Meir enn noko anna verk treng Høyanger at Hydro har langsiktige kraftavtalar til akseptable prisar. Dersom Hydro manglar kraft når vi nærmar oss 2030, er eg sikker på at verket i Høyanger er det første som ryk.

Difor bør det vere sjølvskrive at kommunestyret i Høyanger no tar tak i Hydro og Evinys kraftprosjekt i Snøheia på ein skikkeleg måte. Eit kraftverk som potensielt kan sikre opp mot 1 TWh fornybar kraft til industrien, må sjølvsagt utgreiast. 

Nokre seier at vi ikkje treng meir kraft, at det er nok straum i regionen – og at vi heller bør be Stortinget eller EU endre energipolitikken. Utfordringa til Hydro og industrien er ikkje at det går «tomt» for straum, men at straumen får ein pris som er for dyr for aluminiumsindustrien. Årsakene til at straumprisen går opp kan vere fleire. Det at vi brukar meir kraft, medan produksjonen står stille- og krafteksport og høge CO2-prisar i EU er med å forklare problemet. Men med få år til Hydros kontrakter går ut, nyttar det ikkje å skrive fleire brev til Stortinget eller EU å be om godt vêr. Kjernekraft kan vere eit godt alternativ på sikt, men den vil først kome lenge etter 2030, og då er det for seint for Høyanger Metallverk.

Når Naco/ÅSV/Hydro har levd her i over 100 år, gjennom kriser og skiftande marknader, er det fordi selskapa alltid har sett verdien av sjølve å utvikle og eige mest mogleg av den krafta dei treng. At Hydro vil gå i gang med å utvikle ny kraft til eigen industri, saman med eit offentleg eigd kraftselskap Eviny, er gledeleg – å kople kraft og industri er den beste tradisjonen vi har i Noreg. 

Eg forstår at det også er dei i Høyanger som er skeptiske til vindkraft. Akkurat som det alltid har vore  kritiske røyster til å bygge ut vasskraft. Men både tilhengarar og kritikarar bør samle seg mot den trusselen vi ser no; høge kraftprisar og industrinedlegging i Europa. Vi bør vi alle fall ikkje stenge døra for nye kraftprosjekt, før vi har gjort ordentlege konsekvensutgreiingar. 

I det gamle kraftregimet var det staten som bestemte kvar, når og om det skulle byggast vindkraft. No er det kommunane som har styringa. Det er eit stort ansvar. Men det gjev også moglegheiter. Høyanger kommune kan ta styring med prosessen, og syte for at utgreiingane gjev svar på spørsmåla som vert stilt – ikkje minst frå kritikarane. 

Hydro Høyanger er eit verk vi kan vere stolte av, og Høyanger er ein industrikommune som betyr mykje – ikkje berre for regionen men for landet vårt. Vi eksporterer framtidsmetallet aluminium. No må vi gjere vårt for at vi framleis har ei framtid som industrikommune. Då er det ein god start å syte for at å bygge vedtak på skikkelege utgreiingar.  

Frode Hoff
Kyrkjebø