Hongset påstår at «Hydro aluminium i Høyanger får strøm fra Statkraft,- fram til 2030. Etter det nekter Statkraft å gi Hydro strøm til en pris aluminiumsverket kan leve med.» Dette er direkte usant. Statkraft er og har vore største leverandør av kraft til kraftkrevjande industri i Norge. Dette gjer vi gjennom langsiktige kraftavtalar. Når desse går ut forhandlar ein om nye. Industrien står fritt til å velje kva leverandør dei ynskjer, og Statkraft konkurrerer om å gi beste tilbodet. Så seint som i mars i år inngjekk Statkraft ein ny avtale med Hydro om å levere 1,28 TWh i perioden 2024 – 2027. Dette er ein av fleire avtalar mellom selskapa. Det er enno ei stund til 2030, og når desse kontraktane går ut vil ein forhandle om nye.
Hongset påstår vidare: «Vindkraft kan ikke drive hverken aluminiumsverk eller noen annen form for produksjon.» Dette er og usant. Alle kraftverk og all industri er avhengig av kraftnettet for sikker drift. Ingen kan produsere heile tida. Nedbøren varierer og i turrår produserer vasskraftverka typisk 40% mindre enn i våtåra. Kjernekrafta i Sverige må ut på revisjon kvart år, og vi kan få tekniske feil og uventa situasjonar som hindrar drift. Difor må alle vere tilknytt nettet for sikker leveranse av kraft. ALLE kraftkjelder er med og bidreg både til samfunn og industri. Når det bles bidreg vindkrafta, når det er vindstille kompenserer vasskrafta. Solkraft kjem meir og meir, og bidreg mest i sommarhalvåret, medan vind og vatn bidreg mest om vinteren. Når det er turrår må vi importere kraft for å få nok. Det fornybare norske kraftsystemet er ein suksess som fungerer veldig godt, og har gjort at vi tek det for gitt at vi til ein kvar tid har strøm i stikkontakten.
Statkraft sine anlegg i Høyanger har betydeleg høgre kostnader enn dei 5-10 øre/kWh som Hongset latar til å tru. Ingen bedrifter kan leve av marginale inntekter som akkurat dekkjer produksjonskostnaden. Vi har, og held framleis på med, å investere milliardar i anlegga i Høyanger. I tillegg skal det betalast skattar til stat og kommune. Alt dette gir kostnader langt ut over marginal produksjonskost, og eg trur ikkje så mange kommunar som har avgitt natur til kraftproduksjon hadde vorte så nøgde med å ikkje få kompensert for dette i form av kommunale inntekter. Om kraft skal seljast til marginal produksjonskost vert det ingen ENØK, ingen investeringar i eksisterande eller ny kraftproduksjon, ingen inntekter til stat eller kommune i form av skattar/avgifter, eller utbytte (dei fleste kraftanlegg i Norge er offentleg eigd og gir offentlege inntekter). Hongset si løysing vil overføre store midlar frå Høyanger kommune og staten til Hydro sine aksjonærar.
Norge har, og har hatt, rimelegare straum enn Tyskland. Høyanger ligg i prisområdet NO3 og hadde snittpris over året på 38 øre/kWh i 2019, 10 øre/kWh i 2020, 42 øre/kWh i 2021, 43 øre/kWh i 2022, 44 øre/kWh i 2023 og 38 øre/kWh så langt i år. Før i tida, som Hongset ser ut til å ynskje seg tilbake til, var det ikkje lægre prisar om vi tek omsyn til inflasjonen. Det er nettleiga og avgiftene på elektrisitet som har auka mest i Norge. No i august og september er kraftprisen 8 gonger høgre i Tyskland enn i Høyanger (NO3).
Men ingenting av dette rører ved hovudproblemet for verden, Norge og Høyanger. Nemleg det faktum at vi treng meir fornybar kraft. Hongset nemner ikkje at hovudgrunnen for å bygge ut meir fornybar kraft generelt, og vindkraft spesielt, er at Norge må avkarbonisere bruk av 140 TWh fossil energibruk i industrien og transporten for at vi skal klare klimamåla våre. Hydro treng meir kraft for at dei og Norge skal klare klimamåla. Hydro sine anlegg i Sogn er av dei store punktutsleppa av klimagassar i Norge som må bli utsleppsfrie. Hydro har planar for dette, og moderne utsleppsfri aluminiumsproduksjon treng meir kraft i Høyanger. Det er denne store utfordringa vi alle må bidra til å løyse skal vi sikre framtida.
Det er positivt med debatt og engasjement, men det er viktig at dette byggjer på fakta og ikkje uriktige påstandar tatt ut av lause lufta.
Kåre Hønsi
Regiondirektør Statkraft region Midt