Hydro har i tradisjon tru gitt 100 000 kroner til TV-aksjonen. Fabrikksjef for Hydro Høyanger, Ann Synnøve Øygård (i midten) med Kristin Sagerøy Råsberg og Einar Rysjedal frå formannskapet.

Hydro gir 100 000, men Høyanger treng framleis bøsse­bærarar søndag

Det er snart duka for TV-aksjonen igjen, og dette året går inntektene til Barnekreftforeningen. Formannskapet i Høyanger er aksjonskomité i år og treng framleis bøssebærarar i Høyanger.


TV-aksjonen i år skal hjelpe Barnekreftforeningen med å etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.

– Her kan born med alvorleg sjukdom og familiane deira bu saman medan barnet får behandling.

Godt over snittet i fjor

I fjor samla aksjonen inn 273,3 millionar kroner til Redd Barna, og Høyanger stod for over 324 000 kroner av dette. Det var i gjennomsnitt over 80 kroner per innbyggjar, som også var godt over landssnittet på 57 kroner.

Mykje av dette var grunna gåva frå Hydro på 100 000 kroner.

Også i år har Hydro kome med sjekken på 100 000 kroner, medan Høyanger kommune har gitt 25 000. Også fleire andre lokale bedrifter har bidrege med mindre summar, og Kristin Sagerøy Råsberg oppfordrar endå fleire bedrifter til å vere med på innsamlinga.

Ein har allereie samla inn 35 kroner per innbyggjar før bøssebærarane i det heile tatt har teke turen rundt om til husstandane. Med det ligg Høyanger på ein førebels 24. plass over samtlege kommunar i Norge.

Treng fleire bøssebærarar

Førstkommande søndag er sjølve dagen for TV-aksjonen, og Sagerøy Råsberg seier dei framleis er på jakt etter bøssebærarar i Høyanger og på Kyrkjebø.

– Vadheim, Lavik og sørsida har ordna seg, men vi treng framleis nokon til å gå med bøsser i Høyanger og på Kyrkjebø. 

Nytt av året er at aldersgrensa for kven som kan gå med bøsser har blitt senka til 15 år, som opnar for at enda fleire som ønskjer kan gå.

Sagerøy Råsberg oppfordrar alle som ønskjer å bidra til å registrere seg med ein gong til å vere med på søndag.

Du kan melde deg som bøssebærar på TV-aksjonen sine nettsider.