G11 med trenar Odd Erik Dingsøyr. Dei yngste laga som deltok på Lerumcup deltok ikkje i cup-spel, men var tildel nokre kampar dei spelte gjennom helga. Foto: privat.

IL Høyang stilte med mange lag på Lerumcup

I helga var det duka for Lerumcup i Sogndal. IL Høyang stilte med heile fire lag.


Fleire ivrige fotballspelarar frå IL Høyang tok turen til Sogndal for å delta på cup. Fint vêr og eit godt opplegg frå Sogndal førte til ei innhaldsrik helg for spelarane med både fotballkampar og mykje sosialt.

Vellukka cup
Høyang stilte med to jentelag og to gutelag. Jenter 11 år, med Kjartan Rasdal som trenar, gutar 11 år med Odd Erik Dingsøyr som trenar, jenter 13-14 år med Åge Nesse og Jan Milde som trenarar og gutar 13-14 år med Kjell Tore Våge og Vegard Lambrechts som trenarar. Dei eldste laga var miksa med fleire årsklassar.

I tillegg til å spele kampar var det mykje som føregjekk i bygda som ungane kunne delta på. Dei fekk sjå Sogndal-kamp, det var tivoli i sentrum, servering av mat på skulen og dei sov på ulike skular rundt i bygda. På fredagen blei det arrangert diskotek for dei som ville delta på det. Det fine vêret gjor også til at fleire tok seg eit bad i fjorden.

– Kampane var spelt ulike plassar rundt Sogndal. Både i Sogndal, Kaupanger, Gaupne og Hafslo. Høyang hadde flest kampar i Hafslo så det blei litt reising fram og tilbake, men dette hadde Sogndal løyst godt. Det gjekk bussar frå skulen til ei kvar tid så alle skulle rekke kampane sine. Det var godt utført, seier Siv Anita Gudvangen.

Gudvangen skryt av både foreldre og barna for ei vellukka helg. Fleire foreldre var med å deltok på cupen, sov på skulen og køyrde barna. Nokre kom også inn på dagstur for å sjå på ungane spele og heie.

– Det var ein kjekk gjeng å reise med og ikkje noko styr. Alle spelarane var flinke både på bana og utanfor. Det var veldig fint vêr i helga, så det må ha vore veldig varmt å spele. Dei gav alt, og jobba på sjølv dei gongane dei låg under. Det var imponerande å sjå kor mykje dei sto på. Til og med vi på sidelinja var veldig varme, seier ho.

J13-14 kom seg til bronsefinale i b-sluttspelet. Foto: privat.

Fekk sjå OBOS-kamp
Laurdag 24. juni spelte Sogndal kamp mot Fredrikstad Fotballklubb. Då fekk deltakarane på Lerumcup moglegheit til å vere med å sjå på fotballkamp på Fosshaugane stadion.

– Fleire av spelarane på Sogndal sitt lag var i Høyanger uka før for å vere med på fotballskulen som blei arrangert. Dette såg vi at fleire av Høyang sine spelarar synast var veldig kjekt. Dei visste kven mange av spelarane var på førehand og hadde dermed litt meir forhold til dei som spelte, seier Gudvangen.

Mange deltakarar
Det var mange lag som deltok på Lerumcup. Dei to yngste Høyang-laga var ikkje med i cup-spel, men spelte fem kampar kvar. Dei to eldste laga var med i cup-spel og var avhengig av å vinne kampar for å kome vidare i cupen.

– Det var veldig mange lag med, gutar 14 år hadde både a, b og c-sluttspel som tyder på at det var mange lag i denne aldersklassen. Det er kjekt at mange deltar på cupar, ikkje berre lokale lag. Dei spelte mot lag frå Bergensområdet og Hødd frå Ulsteinvik, seier Gudvangen.

Dommarar
IL Høyang hadde ikkje berre med seg fotballag som spelte. Tre gutar frå IL Høyang var nemleg med som dommarar under cupen. Sverre, Casper og Jarl Ivar fekk vere med å dømme fleire av dei innleiande kampane i cupen.