Høyanger Rock- og Bluesklubb gjorde i helga comeback som konsertarrangør med bergensbanda Sahg og Magick Touch på plakaten. Denne avisartikkelen kunne fortalt deg om kor bra den konserten var, men det kjem den ikkje til å gjere. Og det er ikkje fordi konserten ikkje var bra, snarare tvert imot.
Grunnen til motviljen frå journalisten si side er at det er mykje betre å oppleve musikk sjølv, enn å lese om den i avisa. Og om du var ein av dei som var på Joss denne kvelden veit du jo alt frå før at Sahg og Magick Touch er to ekstremt kompetente band som leverte ein konsert Joss verdig. Det var i alt 108 betalande gjestar på Eides Hotell denne kvelden, men det var nok langt frå alle som løyste billett som tok turen ned i kjellaren for å høyre på musikk. Der var det kanskje halvparten så mange, noko som gjer det fristande å låne frasa «kor e alle heltar hen?» frå ein annan bergensk musikar. Høyanger er heldige som har fått tilbake Joss Pub som konsertscene, og Høyanger Rock- og Bluesklubb som konsertarrangør, og då må folk i og rundt industribygda kjenne si besøkstid og møte opp. Lokale heltar må krype ut frå krikar, krokar og vorspiel og bli med på moroa, slik at det kan bli meir moro også seinare. Og når høyangerpublikummet i tillegg får servert musikk på internasjonalt nivå kan ein heller ikkje skulde det noko labre oppmøtet på kvaliteten. Kanskje Sahg og Magick Touch spelar musikk som er litt i hardaste laget for ein del av dei som berre vil ha ein kjekk kveld ute, men det er nok og ganske mange som ikkje var til stades laurdag som ville hatt stor glede av å vere det.