Vêret skapte kanskje ikkje den heilt store julestemninga laurdag, men det gjorde ingenting, for det gjorde nemleg ein skokk med frivillige frå IL Høyang.
I fjor var det eit av fotballaga til idrettslaget som tok ansvar og arrangerte julegateopninga i Høyanger, men i år stilte heile IL Høyang opp og lagde til førjulskos i heimbygda. – Vi har i haust etablert ei dugnadsgruppe i IL Høyang som har som føremål å koordinere dugnadsarbeid som dette. Her kan dei ulike gruppene som ønsker det bli med, og så går inntektene inn i ein felles pott som dei som har vore med og bidratt kan få midlar frå når dei måtte ha behov for det. Det seier Katrine Nyland Tonning og Malin Nyland Tonning i den nye dugnadsgruppa til IL Høyang, som da arrangerte julegateopninga på samfunnshuset i Høyanger laurdag. Med seg hadde dei mange gode hjelparar. – Spelarar og utøvarar innan både turn, handball og fotball er med her i dag, og denne dugnadsgjengen består sikkert av mellom 20 og 30 ungdomar som gjer ein kjempeinnsats. Og så er mange foreldre med og hjelper til på ulikt vis, så i dag drar vi lasset saman. At det er mange involvert gjer arbeidet som krevst for å gjennomføre ei innhaldsrik julegateopning meir overkommeleg for arrangørane. – Det er mange hender her i dag som kan hjelpe til med alt det praktiske, og særleg det at så mange unge er med og hjelper til synest vi er kjempeflott. Når det gjeld sjølve planlegginga har vi vore fire stykk i dugnadsgruppa som har ordna med det. Med fleire kokkar der kan det fort bli litt mykje søl, så vi har halde planleggingskomitéen ganske liten, og så har vi fått massiv hjelp frå dei andre i idrettslaget til sjølve gjennomføringa.Ein miks av unge talent og rutinerte korpsmusikantar spelte vakker julemusikk i musikkpaviljongen i Høyanger sentrum under julegateopninga laurdag.
Idrettslaget fiksa julestemninga
Stor dugnadsinnsats frå IL Høyang sørga for ein flott start på førjulstida i Høyanger.