Hydro treng kraft


I eit intervju i Ytre Sogn Avis 8. august hevdar Einar Rysjedal (Rødt) at ein ikkje kan «drive elektrolyse og lage aluminium av vindkraft der det er vind ein brøkdel av tida» og at «eg trur at hensikta til Hydro med å få tak i vindkraft er å selje krafta på marknaden for å tene pengar.»  Begge påstandane er feil. Vindkraft blir allereie nytta til industriutvikling i stor skala i Noreg. 25 prosent av krafta Hydro nyttar i våre elektrolysehallar kjem frå langsiktige kontrakter med vindkraftverk. Hydro kan, som andre industriaktørar, kombinere vind- og vasskraft slik at vi får fornybar energi til ein konkurransedyktig pris. 

Vi har respekt for synet Rysjedal har på vindkraft, men er overraska over at Rødt tillegg Hydro andre meiningar, motiv og planar enn det vi har. Føremålet med Snøheia Industrikraft er å sikre kraft til industriutvikling for Hydro Høyanger og for andre industriaktører i regionen.

I tillegg til å vere medeigar i eit eventuelt vindkraftverk, vil Hydro teikne ein langsiktig kraftavtale med Snøheia Industrikraft for å dekkje store delar av behovet Hydro Høyanger har. Det vil gjere det mogleg å ta nye investeringar og vere med å sikre framtida for verket. Hydros kraftbehov er godt kjent: I 2030 går ei rekkje av våre lange kraftkontrakter ut på dato. Samstundes aukar kraftforbruket i heile landet. Det pressar kraftprisen opp. Blir det ikkje bygd ut meir kraft risikerer vi at kraftoverskotet Noreg har hatt i 120 år forsvinn. Forsvinn kraftoverskotet, forsvinn dei konkurransedyktige kraftprisane for industrien. Da vil det ikkje vere mogleg å inngå lange kraftkontrakter som gir grunnlag for vidare utvikling for konkurranseutsett industri. Difor ønskjer Hydro å gjere det vi har gjort i alle år – å byggje ut kraft for å utvikle industri. 

Det er forståeleg at det finst ulike syn på vindkraft og det er legitimt å meine at industriens behov ikkje er viktigast. Men det er urimeleg å påstå at behovet ikkje finst.

Halvor Molland
Senior vice president (Informasjonsdirektør) Communication & Public Affairs Norsk Hydro ASA