Hydrogen eller arbeidsplassar?


Som andre distriktskommunar strevar Høyanger kommune med å oppretthalde folketalet. Vi har mist hundrevis av arbeidsplassar på bedrifter der dei tilsette gjekk med Hydro på arbeidskleda. Og same kor iherdig Høyanger Næringsutvikling med sitt styre og stell har jobba; dei store resultata som ein før opplevde, har uteblitt.

Det største lyspunkt så langt, er etableringa av Hydro sitt resirkuleringsanlegg på Hjetland. Dette er noko som både ordførar, næringsarbeidarar og sist, men mest av alt Hydro skal ha æra for. Anlegget gjer ein viktig miljøjobb; resirkulerer ein del av det aluminiumsavfallet som elles hadde blitt liggjande å slenge eller i nest beste fall hadde blitt til arbeidsplassar andre stader enn i Høyanger. Men no blei heldigvis ein del slike arbeidsplassar lagt hit.

Resirkuleringsanlegget, som skal smelte om 36000 tonn aluminiumsskrap, kosta Hydro 240 millionar kroner. Dette inneber, i følgje Hydro, berre 21 årsverk, men er likevel svært bra for oss.  Kan det same seiast om hydrogen-opplegget som blei kjent i slutten av juni?

Ja, kva er den store vinsten med hydrogen-satsinga i forhold til å skape tilflytting og auka folketal? Det er tilflytting og auka folketal som er oss alle sitt store ønskje og som er både kommunen og næringslivsapparatet si heilt nødvendige og korrekte målsetting.

Ein kan jo sjølvsagt håpe på og kjempe for at resirkuleringa blir så vellukka at Hydro om få år vil doble tonnasjen og investerer nye og prisjusterte 240 millionar kroner. Eg trur Høyanger-samfunnet må kjempe for dette. Ja, eg skriv «kjempe» fordi det er ikkje lett å hale millionar ut frå «Hydro Oslo».

Kva er det då som gjer det så lett for andre(?) deler av Hydro, Hydro Havrand(?), å få gjennomslag for at det alternativt skal byggjast «pilotanlegg for grønt hydrogen til 368 millionar» (sitert frå lokalavisa Ytre Sogn). Enova dekkar 83 millionar av dette slik at Hydro sit igjen med eit utlegg på 285 mill.

At Enova dekkar 83 millionar til milliard-konsernet Hydro, er eit kapittel for seg. Det som er verkeleg interessant, er at Enova stør eit prosjekt der ein vil bruke 55 kilowattimar elektrisitet til å framstille kvart kg hydrogen som har eit energiinnhald på berre 33 kilowattimar (tal frå NVE). Det betyr at 40 % av elektrisiteten går tapt. Det betyr også at dersom årsproduksjonen av hydrogen blir på 700 tonn per år (som tanken er?), vil elektrisitetstapet bli 15,4 GWh per år, noko som er nok til å forsyne nesten 1000 husstandar! 

I tillegg til 40 %-tapet, kjem tap som resultat av kompresjon til 350-700 atm trykk + fabrikkstraum + interntransport. Eit el-forbruk på 60 kilowattimar for å få ut 1 kg hydrogen og dermed 45 % el-tap, er nok meir realistisk! 

I følgje avisa Ytre Sogn, vil hydrogen-piloten gje «ein ekstra ressurs innan vedlikehald». Om dette inneber ein person eller om det er ein skrivemåte, kan vi ikkje vite. Men mange arbeidsplassar er det opplagt ikkje.

Og vi kan vere sikre på at hydrogen-millionane ikkje skapar det tal arbeidsplassar som f. eks. den gjennomførde 240 millionar-investeringa, gjorde. Ei tilsvarande ekstra-investering som hadde dobla smeltekapasiteten, kunne vore med å skape tilflytting av fleire arbeidstakarar til kommunen. Millionane til hydrogen-piloten vil ikkje bidra til det. 

Høyanger har bruk for industriarbeidsplassar og tilflytting – ikkje at kommunen sine industrilokale og den lokale kraftproduksjonen skal brukast til laboratorium for utvikling av grøn overflate.

Einar Rysjedal
Leiar for Raudt Høyanger