(1) Bilete 1 og 3 syner demninga i Øvre Breidalen slik den er i dag. Desse saman med biletet frå steinbrotet (2) er tekne av Erik Øren. Dei gamle bileta (4, 5 og 6) er frå 1924 og syner vaskinga av sanden, støypearbeidet og muringa. Her er bileta henta frå Høyanger Industristadmuseum.

Eit kulturminne for fall

Statkraft har fått pålegg frå NVE om sikring av fleire demningar i Høyangerfjella. Dette skal skje i løpet av få år.


Det var tidlegare snakk om at dette arbeidet skulle gjerast i Breidalen i 2024, men det har tydelegvis vorte utsett. Arbeidet inneber at det vert støypt ein mur i forkant av dei eksisterande steinmurane, noko som inneber at steinmurane vert dekte til. Stien til turlaget til Steinbrua og vidare til Viksdalen går gjennom steinbrotet og forbi demningen i Øvre Breidalen. Viss ein vil sjå på desse vakre kulturminna, må ei ta turen til Breidalen denne eller neste sommar. 

Utbygginga vasskrafta

Utbygginga av den første av vasskrafta i Høyanger skjedde i fleire omgangar, først med Øren- og Hjetlandsvassdraget i 1917, så tidleg i 1920-åra med utbygging i Nedre og Øvre Breidalen. I slutten av 1930-åra kom så Eriksdalen.

Steinen til demningen i Øvre Breidalen vart hoggen ut i Nedre Breidalen og frakta over Nedre Breidalsvatnet med flåte og robåt. Deretter vart det brukt taubane opp til øvre. Sandtransporten til støypearbeidet føregjekk med taubane, medan vaskinga av sanden måtte gjerast manuelt. I steinbrotet var både minebor og feisel framleis i bruk, men reiskap som trykkluftboret hadde også gjort sitt inntog. Dei store steinblokkene som vart tekne ut, vart nytta til kledning utanpå damkjernen som var av betong.

(2)

(3)

(4)

(5)

(6)