Einar Rysjedal frå Raudt Høyanger diskuterer to viktige investeringar Hydro har gjort i Høyanger det siste året i ein artikkel i Ytre Sogn: opninga av eit resirkuleringsanlegg og investeringen i ein pilot for bruk av grønt hydrogen. Dei siste åra har Hydro investert opp mot ein milliard kroner i Høyanger. Målet er å vidareutvikle industrien i Høyanger, og at Høyanger skal ta ei leiande rolle i å fjerne det siste karbonet frå aluminiumsproduksjonen.
Rysjedal spør “kva som er den store vinsten med hydrogen-satsinga når det gjeld tilflytting og auka folketal”. Det er riktig at hydrogenpiloten i seg sjølv ikkje vil gi mange arbeidsplassar i Høyanger. Det er heller ikkje formålet. Målet med piloten er å teste ny klimateknologi som kan gjere det mogleg å produsere aluminium med endå lågare, potensielt null, utslepp av CO2. Å lykkast med dette er heilt avgjerande for å ta vare på arbeidsplassane som finst ved Hydros aluminiumsverk i dag, og å legge til rette for nye investeringar i framtida. Verda treng grønare aluminium. Hydro produserer i dag aluminium basert på fornybar vass- og vindkraft, med utslepp som er mykje lågare enn det globale gjennomsnittet. Gjennom teknologi- og kompetanseutvikling har vi kutta utsleppa frå verka våre i Noreg med 55 % sidan 1990, samstundes som produksjonen av aluminium har auka. Men skal vi vere levedyktige i framtida må vi fjerne dei resterande utsleppa òg. Det krev kundane våre, og det forventar både lokale og nasjonale politikarar. Difor jobbar Hydro no med fleire teknologiløp for dei utsleppa vi har igjen. Grønt hydrogen er ei mogleg løysing for å erstatte naturgass vi brukar i resirkulering av aluminium. Ved andre verk testar vi òg andre alternativ til dette, som biogass og ny teknologi for direkte elektrifisering. I Høyanger skal vi pilotere teknologi for brenselsskifte til hydrogen over tre år, og vi vil mellom anna lære mykje om korleis nytt brensel påverkar metallkvalitet og korleis ein kan veksle mellom ulike energiformer, som naturgass, biogass og hydrogen. Dette vil vere svært viktig i klimaomstillinga. Det er mogleg at andre i aluminiumsbransjen vil starte liknande prosjekt, men Høyanger er først ute. Dette gir viktig kompetanse lokalt, og det set Høyanger på kartet. Rysjedal er kritisk til energibruken i hydrogenpiloten. Det er riktig at hydrogen, med dagens teknologi, inneber eit ganske stort reelt effekttap – altså at kraft går tapt i omdanninga av straum til grønt hydrogen. Difor vil det vere viktig å vurdere i kva del av klimaomstillingen hydrogen kan og bør bidra. Mange miljø jobbar òg med å forbetre effektiviteten i produksjon og bruk av grønt hydrogen, slik at energitapet kan bli mindre i framtida. Dei reelle tala for energibruk i hydrogenpiloten er noko lågare enn det Rysjedal legg til grunn. Vi planlegg å bruke opp til 20 GWh i året, og produsere mellom 3-400 tonn hydrogen. I denne piloten har vi ikkje noko ytterlegare energitap for å komprimere hydrogen, fordi det blir sendt direkte i rør inn til smelteomnen eller lagra i ein buffertank der komprimering ikkje er naudsynt. Vi treng med andre ord korkje utvikle ny kraft eller utvide nettkapasiteten for å dekke behovet til hydrogenpiloten. Så høyrer det med å seie: Hydros kraftbehov er framleis stort, men det skuldast at fleire av dei langsiktige kraftkontraktane Hydro har for å forsyne elektrolysen i Høyanger og ved andre verk, går ut i 2030. Hydrogenpiloten set Høyanger på verdskartet i aluminiumsindustrien. Lukkast vi med teknologiutviklinga vil Høyanger vere blant dei første, eller kanskje aller først, med å levere resirkulert metall med nær null karboninnhald. Dette vil bli ein milepæl. Samstundes kan vi gjennom piloten lære meir om korleis og om hydrogen kan brukast i industrien. Det vil vere nyttig for Høyanger, for Noreg og for verda.Johan Berg
Leiar for Hydros aluminiumsverk i Norge