Hydro Høyanger må ha kraft til leveleg og konkurransedyktig pris! Alternativet for Hydro Høyanger og anna kraftkrevjande industri i Noreg er nedlegging på sikt. Når sentrale myndigheiter, Regjering og Storting ikkje lenger viser evne og vilje til ein tenleg norsk energipolitikk, tyr Hydro til vindkraft.
I 2022 starta Hydro derfor ein kostbar prosess for å få bygt vindkraftprosjektet Snøheia Industrikraft. Det trass i at kommunane Høyanger og Sunnfjord, er avvisande til vindkraft i sin fjellnatur. Men korleis kan prosessen for vindkraft vere løysinga for Hydro? Og kva har Hydro uttala gjennom denne prosessen? Hydro-direktør Eivind Kallevik uttala på folkemøte om vindkraft i Høyanger januar 2023 at Hydro satsar på Høyanger uavhengig av vindkraftprosessen på Snøheia. Ein knapp månad etterpå, i februar 2023, uttala Hydro Energi-direktør Arvid Moss: «når vi da tenker å bygge et vindkraftverk så inngår vi altså en langsiktig avtale fra det vindkraftverket til verket her […], garanterer vi en pris flat i 20 år, whatever, til en fast pris, den prisen står der, […] den er upåvirket av gasspriser i Europa, upåvirket av CO2-priser, den er ferdig forhandla og det er det viktige budskapet her, den kraften som går fra det vindkraftverket til Verket her, den er egentlig tatt ut av kraftmarkedet og levert her. Det er egentlig det som er cluet» Dette har resultert i at Hydro, saman med Eviny og Zephyr, i oktober 2024 kom med eit formelt planinitiativ for vindkraft-prosjektet Snøheia Industrikraft. Planinitiativet seier at det skal byggjast «en ny 132 kV kraftledning fra vindkraftverket til eksisterende sentralnett.» På den måten kan betalingsevna/-viljen i marknaden blir avgjerande for kor krafta blir brukt. Dette har naturleg nok skapt usikkerheit om vindkrafta frå Snøheia i det heile kunne kome Høyanger til gode. Hydro Aluminium-direktør Johan Berg gjekk då til media med «Dersom Snøheia blir bygd vil krafta Hydro kjøper frå Snøheia gå til Verket i Høyanger.» Han vart i same omgang sitert på noko som kan få oss til å lure: «den delen av krafta frå Snøheia som blir kjøpt av Hydro vil bli allokert til verket i Høyanger». For kvar er garantien for at Hydro skal eller kan kjøpe krafta frå Snøheia? Vi håpar Johan Berg kan vere konkret på kor stor andel av av Snøheia-krafta som SKAL «allokerast» til Høyanger Verk. For til kva pris skal vindkrafta frå Snøheia seljast i marknaden? I følgje NVE vil kostnaden for vindkraftproduksjon vere 42 øre/kWh. Justert for regulerbarevne vert prisen 47 øre/kWh iflg same NVE. Hydro Aluminium har tidlegare uttala at 30-40 øre/kWh er leveleg pris for verket. Er det mogleg eller truleg at Hydro Rein vil selje kraft billegare enn kva det kostar å produsere krafta til Hydro Aluminium/Høyanger Verk? Snøheia Industrikraft skal visstnok kunne produsere 1 TWh i året. Hydro vil eige 50 % og vil med desse 0,5 TWh (500 GWh) få dekka rundt halvparten av Hydro Høyanger sitt årsforbruk. Dersom Hydro skal kjøpe meir av Snøheia-produksjonen, må dei forhandle med Eviny om deira andel av Snøheia-krafta. Sjefen i Eviny, Ragnhild Janbu Fresvik, uttala etter kjøp av vindkraftanlegget på Guleslettene, at med ein pris på 60 øre/kWh vil selskapet ha bruttoinntekter på 15 milliardar. Eviny har vel forventningar om å tene mest mogleg på krafta frå Snøheia også, så kan Eviny selje si Snøheia-kraft for 60 øre og Hydro si Snøheia-kraft for 30-40 øre? Kraftprisen for vindkrafta og kraftprisen Hydro Høyanger kan betale, harmonerer ikkje. Kan alle partar tene på dette, eller vert nokon lurt?Leiar og nestleiar Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn