Vindkraft har for store negative konsekvensar for naturen


Vi står ovanfor ei biologisk mangfaldskrise. Nedbygging av natur skjer i stort tempo over heile verda. Gjennom Naturavtalen har Norge forplikta seg til å stanse tap av natur og økosystem. Den seier blant anna at vi skal stanse utryddelsen av artar og sikre berekraftig bruk, vi skal redusere forurensing og slutte å finansiere prosjekter som øydelegg naturen. Vindkraftverk på Snøheia og i Høyangerfjella vil bli etablert i eit sårbart og uberørt område i høgfjellet og vil vere til stor skade for naturmangfaldet og artane som lev der.

Bit-for-bit nedbygging er den viktigaste negative påverknaden på naturmangfaldet. Artane treng store samanhengande leveområder for å ha berekraftige populasjonar. I åra som kjem vil artane også få det tøffare grunna klimaendringane. 

Vindkraft slår i hel masse fugl. Norsk institutt for naturforskning har på Smøla funne 133 drepte havørner pga kollisjon med vindturbinar i perioden 2005-2023. På Haramsøya har dei funne døde ørner med avkappa vinger. Om ein person kjem til skade for å drepe ei ørn er det strenge krav for å melde i frå, ein kan også bli politianmeldt, medan vindkraftverka slepp unna.

På Snøheia og i Høyangerfjella er det funne store bestandar med fjellrype og hekkande jaktfalk, noko som gjer dette til eit område med stor regional og nasjonal verdi. I området er det funne 5 raudlisteartar og 9 ansvarsartar, artar som Norge har eit internasjonalt ansvar for. Jaktfalk, gjøk, heilo, fiskemåke og rødstilk er artane som står på raudlista. Havørn, jaktfalk, fjellrype, lirype, heilo, heipiplerke, gråtrost, bjørkefink og gråsisik er ansvarsarter som alle er funne i Snøheia og Høyangerfjella. 
Eit vindkraftverk vil øydelegge økosystema og leveområda for fuglar, dyr og planter.

Det vil ha påverknad på beitenæringa, landbruket og reiselivet i regionen samt øydelegge turområdet og landskapet for folk i Høyanger og Gaular. 

Vi har eit ansvar for å forvalte naturverdiane på ein berekraftig måte i dag og for framtida. Vindkraft gir for store tap av natur og øydelegg leveområda for fuglar og dyr. Sats heller på energieffektivisering og la kjernekraft bli vurdert. På den måten unngår ein nedbygging av sårbar natur.

Hanne Thue
Styremedlem i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn