Prosjektet vil betre arbeidsmiljøet, gi lågare energiforbruk og bidra til øauka lønsemd ved fabrikken, går det fram av ei pressemelding frå Hydro.
Arbeidet vil starte våren 2022. I tillegg vil investeringa også leggje til rette for at Hydro Årdal kan ta i bruk neste generasjons cellestyring, ei vidareutvikling av teknologien som er brukt på Hydro sin teknologipilot på Karmøy. Utskifting av cellestyringa er venat å starte i slutten av 2022. Energiinnsparinga frå prosjektet vil ligge på rundt 860 MWh. – Aluminiumverket i Årdal utgjer ein sentral del av Hydro sitt norske produksjonssystem. Dei leverer lågkarbon-aluminium som går til kundar i Europa som stiller høge krav til kvalitet, seier Ola Sæter, leiar for primærproduksjon i Hydro.– . I tillegg er Hydro Årdal ein hovedleverandør av anodar til dei andre norske aluminiumverka. For oss kjem sikkerheit og arbeidsmiljø alltid først, og i tillegg vil denne investeringa nyttast til å modernisere drifta for framtida, seier han. Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal er glad for investeringa. – Denne typen prosjekt er viktige for å posisjonere Årdal metallverk for ei framtid der produksjon av lågkarbon-aluminium blir stadig viktigare, seier ho.