Vårt mål er at Hydro Høyanger skal halde fram å skape trygge arbeidsplassar og eksportinntekter til vår felles velferd i nye 100 år. Det sterke bandet mellom lokalsamfunna i Høyanger og verket er ein av dei viktigaste føresetnadene for det.
Dei fleste i Høyanger er kjende med alvoret i kraftsituasjonen til Hydro. I 2030 går ei rekkje lange kraftkontrakter ut. Prisen på kraft har auka dei siste åra, og med høge CO2-prisar som smittar over frå Europa, høgare kraftforbruk her heime og lite ny produksjon, kan kraftprisen halde fram å stige. For Hydro og verket vårt er det avgjerande å få inn ny kraft til konkurransedyktige prisar. Det er bakgrunnen for at Hydro Høyanger var med å ta initiativ til eit samarbeid med Eviny og Zephyr for å sjå på utvikling av eit nytt industrikraftverk i Høyanger, vindkraftprosjektet Snøheia Industrikraft. Hydro er avhengig av kraft, og vi er avhengige av bandet til lokalsamfunna i Høyanger. Det er desse to skjebnefellesskapa – mellom krafta og industrien, og mellom industrien og samfunnet som er ryggraden i den norske industrimodellen. Samarbeidet mellom industrien og kommunane som er vertskap har tjent oss begge godt i over 100 år. Hydro siktar mot nye 100 år, i Noreg og i Høyanger. Då må samarbeidet halde fram. Difor er det viktig for Hydro å både vere tydelege om kor mykje som står på for verket vårt i kraftdebatten, samstundes som vi òg er klare på at det vi ber om ikkje er å få lov å setje spaden i jorda i morgon: Vi ber om å få fakta på bordet. Det er kommunen som til slutt skal avgjere om arealet i Snøheia kan nyttast til kraftutvikling, eller ikkje. Hydros ønskje er at den avgjerda vert teken basert på grundige og skikkelege konsekvensanalysar. Analysar som syner fordelane kraftutviklinga kan ha for industrien, og for velferden lokalt over tid – og dei ulempene eit industrikraftprosjekt kan føre med seg for natur og friluftsliv. Difor var det også viktig for Hydro å gje eit tydeleg signal om at krafta som Hydro kjøper frå Snøheia Industrikraft , skal gå til verket vårt i Høyanger. Det er òg del av det skjebnefellesskapet: Tek samfunnet i Høyanger i bruk areal til å bygge ny kraft til industrien, skal vi vere med å syte for at krafta vert nytta ved verket. Hydros del av denne krafta skal ikkje seljast i spotmarknaden, ho skal brukast til å produsere aluminium. Det har falle nokre harde ord i debatten om Snøheia, men i stort har diskusjonen synt styrken i lokaldemokratiet. Mange har delt meiningane sine i avisene. Også i vår eigen organisasjon er det ulike perspektiv. I allmøtet allmøtet som Høyanger Kjemiske heldt 6. november møtte om lag 90 Hydro-ansatte fram. Uravrøystinga i foreninga der over 140 av 160 medlemmar deltok, synte eit klårt fleirtal for konsekvensutgreiing, men òg at det er ulike syn. Det same kom fram på allmøtet. Tonen i diskusjonen var likevel sakleg, det var og spørsmåla til dei fremmøtte som var usikre eller kritiske til vindkraft. Det gjenspeglar ordskiftet på nabomøtet Hydro held på Fundo i september. Vi i Hydro har fått spørsmål og utfordringar frå mange i Høyanger, og vi har lytta. Vi har tydeleggjort at krafta skal gå til Hydro Høyanger – noko som vil bli spegla i kontrakta. Dersom det blir ei konsekvensutgreiing, og dersom prosjektet går vidare, vil vi halde fram med å lytte og justere prosjektet i dialog med dykk som bur i Høyanger. Hydro Høyanger er klare for framtida. Hydro har investert stort i Høyanger dei siste åra, resirkuleringsverket er i drift, no bygg vi hydrogenpiloten. Det gjer verket vårt meir robust i ei framtid der kundane krev metall med endå lågare karbonavtrykk. Vi skal òg gjere vårt for at den vidare prosessen kring industrikraftprosjektet i Snøheia står i stil med det skjebnefellesskapet som er mellom verket vårt og samfunnet vi er ein del av. Hydro ønskjer grundige vurderingar av alle sider ved prosjektet, og at konsekvensutgreiingane vi håper vert gjort tek utgangspunkt i dei spørsmåla folk i folkevalde i Høyanger har. Men alt vi gjer kviler på krafta. Aluminium er kraft i fast form, og fortrinnet vi har som verk og Noreg har som industrinasjon, er den evig fornybare vass- og vindkrafta. Vi skal gjere vårt i skjebnefellesskapet mellom Høyanger og Hydro i åra som kjem. Vi håper at dei folkevalde vil vere med å legge til rette for at vi skal få eit godt kunnskapsgrunnlag for å diskutere industriutvikling også dei neste 100 åra. Ann Synnøve ØygårdFabrikksjef på Hydro Høyanger