Hydro Høyanger bikka 100 millionar i første kvartal

Tysdag presenterte Hydro Høyanger eit overskot før renter, skatt og avskrivingar på 106 millionar kroner for første kvartal 2025.


Resultatet er noko lågare enn for same periode i fjor (124 millionar kroner), men det er betre enn førre kvartal (98 millionar kroner). Turbulente tider i Europa med lågare aktivitet særleg i bilindustrien og byggebransjen held fram med å prege marknaden for aluminium.

– Vi heng godt med i svingane og leverer igjen eit solid overskot sjølv om marknadssituasjonen i Europa er krevjande. Den svake kronekursen skal ha noko av æra for det, men viktigare for oss er det at etterspurnaden etter valseblokker held seg godt. Saman med gode prisar og generelt god drift gjer det til at Hydro Høyanger presterer godt frå start i 2025, seier fabrikksjef Ann Synnøve Øygård.

Resirkulering i gang

Etter ein krevjande oppstartsfase er resirkuleringsanlegget i det gamle Fundo-bygget no oppe og går, eitt år etter den offisielle opninga. Det toppmoderne støyperiet til 240 millionar kroner har kapasitet til å resirkulere om lag 36 000 tonn brukt aluminium i året.

– Det har lugga litt i starten, men no har vi klart å få anlegget i normal drift. Det krev ein god del å få eit splitter nytt anlegg som dette i gang, og eg er kjempeimponert over korleis folka våre har takla utfordringane. Vi er ein løysingsorientert og kompetent organisasjon som eg er veldig stolt av, seier Øygård.

Den neste store milepælen vert ferdigstilling av hydrogenpiloten som no er under bygging på staden. Tidlegare i år vart den store lagertanken for hydrogen installert som det hittil meist synlege teiknet på at noko stort er på gang.

– Det som skjer i Fundo-bygget har noko å seie langt utanfor kommunegrensane. Satsinga er ein del av Hydro sin globale strategi for å sende meir brukt aluminiumsskrap tilbake i krinsløpet, og Hydro skal attpåtil teste ut korleis hydrogen kan erstatte naturgass for å smelte om brukt aluminium, heilt utan utslepp. Det set Høyanger på kartet også internasjonalt, seier Øygård.

Tolltrussel skaper uvisse i marknaden

Det er usikkert korleis amerikansk tollpolitikk og eventuelle europeiske mottiltak vil påverke marknaden for aluminium. 40 prosent av alt aluminium til Europa kjem frå Noreg, og Hydro er ein stor leverandør av aluminium til mellom anna europeisk bilindustri.

– Det er vanskeleg å seie noko konkret om korleis tollsatsar eventuelt vil påverke Hydro framover, men generelt har norsk aluminiumsindustri aldri vore meir relevant. Hydro er godt posisjonert som leverandør at eit kritisk råmateriale. Trygge forsyningslinjer er viktige for den europeiske totalberedskapen, og det er Hydro Høyanger med på å tilby, seier Øygård.