«Krafttenkjaren» i vår tid - Herr Watt og Volt i Oddvar Torsheim sin strek - seier «ja», ser lyst på framtida og vil kjøpe seg inn med vindindustri i Snøheia ved å love nær hundre millionar kroner årleg til lokalsamfunna rundt. Lokale visjonære profetar gnir seg i desse dagar i hendene, heier på aktøren og gler seg til festen. Men pengar er ikkje alt. Verdien av urørt natur kan ikkje målast i kroner.
Alt i 1909 var ein liknande krafttenkjar – «en Kristianiamand» - i området og ville sikre seg fallrettane i Gaularvassdraget. I den pågåande debatten og i utforminga av Konsesjonslovene refererte stortingsmann Gjert Holsen (H) frå Førde til denne «Kristianiamanden» som hadde handfesta fallrettar i Gaular for 300 000 kroner. Han mislikte dette sterkt og støtta ikkje moderpartiet si haldning. Dermed gjekk han imot den delen av konsesjonslovene som retta seg mot at utanforståande kapitalkrefter kunne kjøpe norske naturressursar. I eit leksikon vert Gjert Holsen karakterisert som ein gamalmoderat erkeindividualist og sparepolitikar, som vanskelig let seg disiplinere i nokon partibås. Takk og pris. Sjølvstendig tenkjande, handlingsfast og ukueleg. Og elva og naturen fekk leve. No skal bruk av naturressursar på nytt takast stilling til. Politikarar er igjen i posisjon til å kunne stoppe kapitalinnblanding og hindre utarming og øydelegging av natur. Då krevst det at ein er like sjølvstendig tenkjande og rak i ryggen som stortingsmann Holsen var for 115 år sidan. Det bør vere lett. For det som «krafttenkjaren» freistar oss med, er dessutan eit uhøyrt skambod på eit fjell som er langt meir verdifullt enn nokre skarve, kortsiktige millionar frå lommane til vindspekulantane. Vi klarer oss på anna vis. Per Ståle Grytås