Leiar i Kvernsteinsparken, Alexander Rauboti, er heilt overtydd om at parken har eit stort og dels uforløyst potensial som museum, læringsarena og reiselivsdestinasjon. Her står han ved ein kross i parken som elevar ved Hyllestad skule hogde ut i 2008 og 2009, og slike krossar var i tidlegare tider også ei eksportvare saman med kvernsteinane som Hyllestad har blitt så kjent for.

Framtidsparken Kvernsteinsparken

Historia til Hyllestad kan kome til å spele ei særs viktig rolle i framtida til kommunen.


Kvernsteinsparken i Hyllestad vart oppretta i 2002, og er det einaste utandørsmuseet i Norge som har historiske steinbrot og kvernstein som hovudtema. Sidan 2013 har Kvernsteinsparken vore ein del av Musea i Sogn og Fjordane, og i desember i fjor vart Alexander Rauboti (33) tilsett som ny leiar for parken.

På same tid vart også italienske Filippo Olari tilsett som museumspedagog. Det er dei to som no har faste stillingar, medan tidlegare lærar og tusenkunstnar Ove Ryland held jarnet varmt for skuleelevar i smia kvar torsdag.

Introduksjonen av nye kostar er ikkje det einaste som har skjedd i Kvernsteinsparken i seinare tid. I haust opna Fjordkysten regional- og geopark eit «episenter» der, og i byrjinga av april kom nyhenda om at eit nytt kontorbygg skal reisast, med tre millionar i støtte frå kommunen.

Alt ligg derfor no til rette for at parken i Hyllestad sentrum skal kunne utvikle seg til å bli ein enda større attraksjon og kunnskapsformidlar lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. 

Alexander Rauboti (33) har allereie fått eit par månadar bak seg som museumsleiar i Kvernsteinsparken. Han har tidlegare vore prosjektleiar for Lillingstonheimen i Fjaler og involvert i etableringa av Fjordkystparken sine episenter.

– Vi har heilt klart vind i segla for tida, og det rådar ein følelse av at «no skjer det». Særleg det at vi vil få eit nytt bygg på plass vil kunne løfte aktiviteten i parken betrakteleg. I dag finst det fire kalde grindbygningar her som fungerer som resepsjon, møte- og aktivitetslokale, smie og verkstad. Det nye bygget – som vi håpar vi kan få på plass i løpet av neste år – vil i første byggesteg innehalde ein kontordel, og i andre byggesteg vil det kome til areal meint for formidling og samling av grupper. Det er klart at det at vi som jobbar i parken i framtida vil få fast arbeidsstad her heile året, og det at vi får ein visningsarena som er uavhengig av årstid og vêrforhold, opnar opp for heilt andre moglegheiter. Så det ser vi fram til med stor glede. Det er og veldig kjekt at kommunen, som eig bygningane, planlegg for oppgraderingar av eksisterande grindehus allereie i år. Små tiltak som vindtetting av vindauge vil auke bruksverdien monaleg.

Kvernsteinsmarknaden er eit populært lokalt arrangement, og i år vil den inngå som ein del av «Sommargry». Til neste år kjem det etter planen opp eit nytt kontorbygg i parken.

Stort potensial

Kvernsteinsparken er ein sesongarena med faste opningstider om sommaren. Her kan dei som tek turen på ei og same tid både løfte blikket og sjå store samanhengar i korleis folk har levd og lever saman, samstundes som dei gjer noko heilt konkret gjennom praktiske øvingar og får ei kjensle av tilknyting til naturen og dei ressursane vi har rundt oss.

At Kvernsteinsparken er i vekst er det ingen tvil om, noko som mellom anna viste igjen i at parken fekk nest størst auke i besøkstalet av alle i Musea i Sogn og Fjordane i sommarsesongen 2023. Auken var på heile 145 prosent samanlikna med same periode i 2022. 

For Hyllestad er granatglimmerskiferen som dei nær 400 steinbrota i kommunen baserte produksjonen sin på i tidsrommet mellom 800-tallet og 1900-tallet – altså i over 1200 år – nærast som gull å rekne, og Musea i Sogn og Fjordane og Rauboti ser eit framleis stort uforløyst potensial i Kvernsteinsparken som formidlingsarena. Rauboti trur at ein viktig nøkkel til å utløyse dette potensialet ligg i godt samarbeid.

– Det er geologien her i regionen som dannar grunnlaget mellom anna for aktiviteten i Kvernsteinsparken, og den ligg og bak Fjordkystparken sitt arbeid knytt til etablering av ein UNESCO Geopark. Gjennom samarbeid med aktørar som Fjordkystparken, Norsk Kvernsteinsenter, kommunen og fleire får vi ei større rekkevidde, og kan skape meir merksemd rundt kva regionen, Hyllestad og Kvernsteinsparken har å by på. Målet vårt er å trekke fleire til parken, og då er samarbeid med andre gull verdt.

Også lokalt samarbeid er noko Rauboti har stor sans for.

– Kvernsteinsmarknaden blir arrangert i år som tidlegare, men nytt av året er at den blir ein del av det større «paraplyarrangementet» «Sommargry». Å få vere med på å skape aktivitet saman er noko eg ser på som udelt positivt, og slike arrangement er også med på å sette Hyllestad på kartet.

Den lokale forankringa gjer seg også gjeldande i det tette samarbeidet parken har med skulen og barnehagen.

– Vi har noko som blir omtala som «Hyllestadmodellen» her som går ut på  at 7.-klassingane på Hyllestad skule vekentleg får «lære gjennom å gjere» ei rekkje aktivitetar i Kvernsteinsparken. Handlingsboren kunnskap og medvit kring berekraftig ressursutnytting er sentrale læringsmål for skuleopplegget, samt det å formidle historie til eit breitt publikum. Dei som fattar særleg interesse for dette endar gjerne opp med sommarjobb som engasjerte omvisarar for ordinære besøkande. Kontakten mellom oss og skulen, barnehagen og kommunen elles er i det heile svært god og tett.

Kunnskapsrike Ove Ryland gir engasjerte nysgjerrige ei innføring i praktisk arbeid i smia under Kvernsteinsmarknaden i fjor. Ryland held og jarnet varmt for skuleelevar i smia kvar torsdag.

Rett mann på rett stad

Alexander Rauboti blir omtalt i særs positive ordelag av dei Ytre Sogn har vore i kontakt med etter at han tok over som leiar i Kvernsteinsparken. Den unge mannen som vaks opp i Balestrand og på Leikanger, og som no er busett i Fjaler, blir skildra som kunnskapsrik, engasjert, reflektert og oppteken av utvikling. At han og er ganske så nerdete er ikkje noko han legg skjul på, ein eigenskap som er eit klart pluss i jobben. Rauboti veit kva han snakkar om, og han snakkar om det med eit smittande engasjement.

Og det at det var akkurat Rauboti som skulle få rolla som ny leiar av Kvernsteinsparken er ikkje heilt tilfeldig. Dei to er det ein må kunne kalle ein perfekt match, og at det er tilfelle vart det hinta om alt i «kontaktannonsa».

– Eg har vore involvert i utviklinga av episentera til Fjordkysten regional- og geopark, og i samband med eit møte om episenteropninga her i Hyllestad vart eg spurt om å stille opp som frivillig statist under ein fotoshoot av besøkande i parken. Det sa eg ja til, og ironisk nok hamna eit av bilda av meg frå den fotograferinga i stillingsutlysinga. Så det var jo nesten som at stillinga var meint for meg.

Rauboti hadde også alt litt erfaring frå drifta av parken, då han vart leigd inn som ein ressurs som kunne halde litt i trådane i påvente av ei meir permanent løysing då tidlegare museumsleiar Torunn Beck slutta i fjor haust. 

– Forgjengarane mine som Torunn og Franziska Rüttimann Storemyr har gjort ein formidabel jobb, og det er innsatsen dei som har kome før meg har lagt ned som har gjort til at Kvernsteinsparken er i den framtidsretta posisjonen som den no er i. Her har det – passande nok – blitt lagt ned stein på stein, og no vart det min tur til å ta over stafettpinnen.

Rauboti trekk og fram dei lokale kreftene som har lagt ned ein massiv innsats i parken dei siste drygt 20 åra, og der særleg Torbjørn Løland er ein som det er umogleg å ikkje nemne i denne samanhengen. Løland vart og tildelt  Riksantikvaren sin kulturminnepris i 2019 for innsatsen som formidlar, lærar og fasilitator i parken.

– Kvernsteinsparken er ein stad som lokalbefolkninga er glade i og bryr seg om, den er eigd av nokon som satsar, og interessa for kunnskapen og historia den kan by på er aukande. Framtida ser med andre ord lys ut her, avsluttar Rauboti.

Alexander Rauboti saman med granatglimmerskiferen som nærast ligg som ein raud tråd i Hyllestad si historie. Og som for mykje anna granatglimmerskifer i kommunen har også denne fått kjenne på hakking frå ivrige hender.