Kassen i Ortnevik er plassert ved stranda, og er som dei andre kassane rikhaldig utstyrt med utstyr relevant for aktivitet på staden den står på.

BUA-kassar på plass i Høyanger

Høyanger kommune gjentek suksesen frå i fjor og har dei siste dagane plassert ut fleire kassar med BUA-utstyr rundt om i kommunen.


Einingsleiar kultur og mangfald i Høyanger kommune, Jeanette Wølke Friis Walsvik, fortel om godt brukte BUA-kassar og gode tilbakemeldingar.

– Desse kassane har vore eit svært populært tilbod, og utstyret i dei har blitt brukt gjennom heile året så lenge dei har stått ute. No blir det spanade å sjå om responsen i år blir like god som den vart i fjor.

Dei ulike kassane i dei ulike bygdene er ulikt utstyrt ut frå kva typar aktivitetetar som er mest relevante på stadane kor dei står.

– Nokre kassar står ved skular, og innhaldet i dei har blitt brukt så og sei heile døgnet. Andre stadar står kassane på populære friluftsområde. Kassen i Ortnevik har til dømes mykje utstyr relevant for strand­aktivitet, medan kassen på Kyrkjebø har tennisutstyr sidan den står like ved ei tennisbane.

Det er no plassert ut BUA-kassar i Ortnevik, Bjordal, Ikjefjord og på Kyrkjebø og Nessane.

For alle

BUA-kassane er så lågterskel som ein får det. Her kan ein berre finne seg dei tinga ein ønsker å bruke, så sant ein puttar det opp igjen i kassen etterpå.

– Vi i kommunen er veldig for at både barn, unge og vaksne er i aktivitet, og dette er ein av måtane vi kan tilrettelegge for det på. Det er og sånn at ikkje alle har råd til å reise på ferie, og då kan kanskje desse BUA-kassane vere med på å kunne skape gode ferieopplevingar på eigen heimstad. 

BUA Høyanger vart opna i 2021, og har mykje kjekt på lager som innbyggjarane i kommunen kan låne gratis.

– Innhaldet i kassane er berre ein brøkdel av det BUA kan tilby, så vi vil tilrå alle som ønsker å finne på ting i sommar om å sjekke ut utstyret som vi har tilgjengeleg enten ved å stikke innom BUA-kontoret i Høyanger, eller på nettsidene våre.