Hersketeknikkar for å kvele vind­kraft­motstanden - er det sakleg, Fornybar Norge?


Eg ser at du går kraftig til angrep på innlegget mitt mot vindkraft i Snøheia i Ytre Sogn, Thor Egil Braadland i Fornybar Norge.

Er det Hydro, Eviny, Zephyr eller Fred Olsen R som har kontakta deg, i håp om å kvele vindkraftmotstanden mot rasering av Snøheia? Er verkeleg dette simple angrepet ditt på innlegget til ein svært bekymra innbyggar, ein "sakleg norsk offentleg debatt om vindkraft", som du etterlyser? Eg hadde forventa meir profesjonalitet, enn bruk av det eg opplever som hersketeknikkar, frå næringslivet sin største lobbyorganisasjon.

Eg traff vel spikaren litt for godt, til at de kunne la innlegget mitt få stå i fred. Eg får glede meg over det, trass i dei nedsettande karakteristikkane du har i innlegget ditt. Eg skal sjølv halde meg for god til å gjere det same overgrepet!

Sidan du, Braadland, i hovudsak har vore opptatt av språkbruken i innlegget mitt, reknar eg med at det er vanskeleg å kritisere meg for innhaldet i innlegget mitt. Då er vel ikkje "faktagrunnlaget" mitt så "fattig" som du påstår. Det bør politikarane merke seg. Politikarane må aldri la seg lure inn i ei konsesjonsbehandling med konsekvensutgreiing og områderegulering, for då er fjella våre tapte.

Når det gjeld den "grove" språkbruken min, så reknar eg med at du ikkje likar at eg skriv om kva vindkraftutbygging eigentleg inneber: smadre, sprenge, drepe, fortrenge, øydelegge - svært dekkande ord, etter mi meining.

Eg er nok dessverre ikkje åleine om å ha brukt ordet "overgrep" i samband med vindkraft, Braadland. Dersom du googlar orda vindkraft og overgrep, så vil du finne svært mange saker der ordet "overgrep" har blitt brukt om utbygging av vindkraft. For det er nettopp det det er.

Det er eit overgrep å smadre fjella våre og sprenge naturen vår i filler. Det er eit overgrep å drepe fuglelivet og fortrenge dyr frå leveområda sine. Og det er eit overgrep å øydelegge livskvaliteten og helsa til oss som bur rundt Snøheia - slik at vi ser oss nøydde til å flytte. For det er det som kjem til å skje.

Vi kjem til å flytte herifrå om Norges største vindkraftverk blir bygd med inntil 130 vindturbinar, minst 250 m høge. Flytte frå heimane våre og la verdiane ligge att. Vi vil sjølvsagt aldri få selt husa våre. Ikkje alle vil ha høve til å flytte og må bli att i eit helsefarleg område med svært nedsett livskvalitet. Er ikkje det eit overgrep, Braadland?

Definisjonen på "skjellig" Braadland, er "fornuftig, rimeleg". Det blir ikkje berre brukt i jussen, men har også annan bruk. Påstår du at kommunane kjem seg unna med eit enkelt "nei" til ei utbygging, utan å grunngje det? Etter at utbyggar har brukt millionar av kroner på ei konsekvensutgreiing?

Du påstår at spørsmålet om vindkraft berre er ei "politisk avgjerd, ikkje ei juridisk avgjerd". Prøver du å legge lokk på Fosen-saka og andre rettssaker om vindkraft som pågår rundt om i landet?

Til opplysning, Braadland, så har vi allereie gjennomført gode lokaldemokratiske prosessar med innbyggarmedverknad. Vi fekk eit svært vindkraftmotstandig "demokratisk valt kommunestyre", som vil seie blankt nei ved første høve, om dei held valløfta sine.

Vi har dessutan hatt ein god lokaldemokratisk prosess med folkemøter og nyleg vedtatt kommuneplan som alle parti har godkjent utan vindkraft, og utan at utbyggarane kom med planar om vindkraft. Ei konsesjonsbehandling for vindkraft vil no vere totalt udemokratisk og eit stort overgrep mot innbyggarane.

Det er også innhenta kartleggingar av natur- og artsmangfaldet på Snøheia med svært verdifulle funn gjort av Biofokus og BirdLife, som politikarne no har fått kunnskap om. Du påstår at kommunane kan sette "tydelege krav om naturhensyn". Kva hjelp vel det, når utbyggarane kjem med sine subjektive bestillingsverk, der naturverdiane blir tona ned for å sikre utbygging? Konklusjonen vil alltid bli at dei nasjonale samfunnsøkonomiske fordelane veg meir enn dei lokale negative konsekvensane.

Du påstår at eg "kompenserer" med "sterk språkbruk" "for eit "fattig kunnskapsgrunnlag", noko eg er sterkt ueinig i. Eg har nemleg ikkje lese noko anna enn vindkraftfakta sidan jula 2022, då angrepet frå Hydro, Eviny og Zephyr kom rett før julaftan. Eg veit nok dessverre meir om dei negative følgjene av vindkraft enn folk flest - uendeleg trist og brutal kunnskap eg aller helst hadde vore forutan. Det er faktisk du som avslører ditt "fattige kunnskapsgrunnlag", med reine «faktafeil», når du påstår at kommunestyret skal bestemme turbinplassering! Men no er jo dette ei av dei mange løgnene som eg opplever at du og Fornybar Norge serverer kommunane.

"Sterk ordbruk" - det er eit resultat av det overgrepet vindkraftbransjen har gjort mot oss - den årelange, umenneskelege kampen som vi ufrivillig har blitt kasta inn i på ubestemt tid - sidan utbyggarar fritt får lov til å angripe lokalsamfunna med vindkrafttrusselen sin.

Kven som til sjuande og sist sit med makta dersom kommunen går inn i ei konsesjonsbehandling, om det er NVE, Energidepartementet eller Kommunaldepartementet (KDD), kan sikkert diskuterast - det er i alle fall ikkje kommunen, Braadland. Heilt sikkert er det uansett, ifølge den nye kommunale rettleiaren, at "KDD kan vedta bruk av statleg plan når som helst i planprosessen, utan kommunens samtykke. Avgjerda kan ikkje påklagast". Då kan vi vel seie at den såkalla vetoretten til kommunane i sjølve konsesjonsprosessen ikkje er verd papiret den er skrive på. Den einaste reelle vetoretten kommunane har, er å seie blankt nei med ein einaste gong!

Om Fornybar Norge får oppfylt draumen sin, at regjeringa innfører fjerde energipakke, så er det EU som bestemmer. Ligg det då påbyrja vindkraftplanar i Sunnfjord og Høyanger, så vil sjølvsagt dei områda gå tapte først.

Eg har ikkje tenkt å bruke mykje tid på deg, Braadland, for eg har viktigare ting å gjere. Eg skal bruke tida mi på redde fjella våre i Sunnfjord.

Sidan du ikkje ser ut til å ha kunnskap om kva "poesi" er, så vel eg å avslutte innlegget mitt med eit lite utdrag av eit dikt som eg trur du og Åslaug Haga har mykje å lære av:

Du ska itte trø i graset, av Einar Skjæraasen:

Du ska itte trø i graset.
Spede spira lyt få stå.
Mållaust liv har og e mening
du lyt sjå og tenkje på.

Astrid Folland
Hestadfjorden, Sande