Helsetilsette i Hyllestad vil spreie glede i utfordrande tider!


- Vi hadde lyst til å gjere noko positivt for dei som bur i kommunen, seier Julie Einen om filmsnutten ho og kollegaer i helsetenesta i Hyllestad kommune no har laga.

Inspirasjonen henta dei frå den engelske filmklassikaren «Love Actually», og scena der Luke viser fram plakater med kjærleikserklæringar til Juliet. 



I filmsnutten kjem dei med liknande erklæringar, men då til innbyggjarane i Hyllestad som alle er meir eller mindre er råka av siste dagars koronautbrot. Alt til tonene av Jahn Teigens «Optimist»….



-Samstundes ville vi få ut nyttig informasjon til dei, til dømes om kor dei henvender seg for å få hjelp. Dei skal vite at vi er der for dei. Mange sit nok heime og er bekymra for det som skjer. Vi tenkjer også på - og tykkjer synd på - dei som er smitta og no sit i isolasjon, og dei som er i karantene, seier Julie Einen, som er sjukepleiar i kommunen, til Ytre Sogn.



Ho er også å sjå i filmsnutten, saman med helsesekretær Britt Ellen Nissestad.



Begge har vore del av testtemaet ved kommunehuset siste dagane, der nærmare 200 personar har vore innom.



- Det har vore travelt, men vi har følt at vi har hatt kontroll, seier Einen.

Andre som har vore med er Moussa El Haddad, lege Anette Ester, vikarlegeRoald Johnsen, leiar for Helse Torunn Tonning, vernepleiar Aina Brendsdal, Forthun, fagleiar Brita Wallevik Nesse og leiande helsesjukepleiar Siv Storøy. 



- Dåke er uerstattelige

"Kjære hyllestading! Vi er i ein merkeleg situasjon. Tenk at covid-19 fann heile vegen hit!» . Slik opnar den rundt tre minuttar lange filmesnutten, som dei la ut på facebook i dag tysdag. Dei fortset med å fortelje at dei kjenner med alle dei som er råka, anten dei sit i isolasjon eller karantene. Og: «Til alle barn som vert testa: Dåke er våre heltar!» står det å lese på ein plakat.



Samstundes verdt et understreka som viktigare enn nokon gong å halde avstand til kvarandre, og følgje råda ein er gitt. Dei trekk også fram kollegaene på Eiklund, som passar på sjuke og eldre.«Dåke er uerstattelige!» står det å lese på ein annan plakat. Resten må begrense smittespreiinga.



Men dei slår også fast at saman skal vi klare dette, og at ein om ikkje lenge kan ta tilbake den kjære bygda si. «Kanskje vi til og med ein vakker dag i 2021 kan samlast til fest!» spør dei på plakaten, for så fortelje at dei er her for innbyggjarane om dei treng hjelp. Det heile hvert så avrunda med «Mykje kjærleik frå alle oss i Helse»

Og responsen har ikkje lete seg vente på. Filmsnutten har blitt flittig delt, og fått mange «likar» på kort tid. 


- Det er sjølvsagt kjekt at vi når ut til så mange. Det var jo også noko av det vi ønska med den, seier Einen.