Foto: PETER MYDSKE
Helseministeren svarar:

–⁠ Helseføretaka skal sørge for rusbehandling

Førre veke sende stortingsrepresentant Seher Aydar (R) skriftleg spørsmål til helseministeren om den økonomiske situasjonen og Tronvik si framtid. No har ho svart.


I spørsmålet frå Aydar vart helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol spurt om kva statsråden vil gjere for å unngå at einingar som Tronvik blir lagt ned.
Helseministeren svarar at det er dei regionale helseføretaka som skal sørge for rusbehandling.

– Det er dei regionale helseføretaka som skal sørge for å styrke psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling, slik eg har bede om, skriv Kjerkol.
Helseministeren har også bedt Helse Vest om ei uttale, som ho legg ved.

– Helse Vest har styrka Helse Førde sin rusbehandlingseining på Tronvik budsjettmessig inneverande år, for å auke talet på behandlingsplassar frå 15 til 20, skriv Helse Vest.

 Men dei fortel også at ei auke i behandlingsplassar også krev ei auke i talet på behandlarar, og at det ikkje har vore mogleg for Helse Førde å rekruttere desse.

– Det er viktig å understreke at Helse Førde framleis har saka til vurdering og ikkje har teke noko endeleg standpunkt om nedlegging.

Kjerkol seier også at regjeringa tidlegare oppretta to utval,

Helsepersonellkommisjonen og Sjukehusutvalet, og at deira utreiingar og anbefalingar har vore på høyring.

– Gjennom den varsla førebyggings- og behandlingsreformen vil regjeringa komme nærare tilbake til behandlingstilboda til personar med rusmiddelproblem spesielt, avsluttar ho.