Ser til Helse Førde for transport med drone

Innovasjonsprosjektet «Droner for effektivisering av Helse Norge» har som mål å utforske korleis og om drone kan nyttast i helsevesenet. Helseføretaka i Helse Vest og Airlift Solutions AS samarbeider om prosjektet, og det er delvis finansiert av Innovasjon Norge.


Helse Førde si haldning er at frakt med drone må passe perfekt i ein region som Sogn og Fjordane, med sine mange fjordkryssingar, og lange avstandar.

– Dagens vegbaserte transportløysingar er både tid- og kostnadskrevjande. Det er også utfordrande å halde kvaliteten på transporten oppe, seier administrerande direktør Arve Varden.

Dronefrakt er under utprøving og drift i fleire land i Europa. Tyskland, Danmark, Sveits er land der biologisk materiale og medisinsk utstyr i dag blir frakta med dronar mellom sjukehus og laboratorium. Her i Noreg er også Sjukehuset Innlandet i gang med å vurdere dronefrakt av sine blodprøvar.

Under prosjektperioden har det blitt produsert ein drone som er spesialtilpassa frakt av biologisk materiale. Dronen har allereie fleire hundre timar i lufta på lukka område. Neste steg er å testfly dronen på ei ekte rute, og her kan Helse Førde vere ein mogeleg pilot.