Auka kapasitet innan psykisk helse og rusbehandling


I debatten om rusreforma, som aldri vart vedteken, men likevel delvis implementert i politiets praksis, var det brei einigheit om at behandling skulle vere prioritert framfor straff. No sit vi att med ein praksis som har fjerna strafferettsleg handlingsrom utan å erstatte det med behandling. Målet må jo likevel vere å få på plass auka bruk av behandling. Det fordrar at vi tek godt vare på dei plassane med høg kompetanse innan rusbehandling som vi har i dag, samstundes som vi bygger vidare på dei og aukar kapasiteten. 

Regjeringa har eit uttalt mål om å styrke psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Trass i brei einigheit og uttalte mål om prioritering og auka satsing, ser vi altså at fagmiljø og insitusjonar for rusbehandling vert nedprioritert og nedlagd. Rusinstitusjonen Tronvik i Helse Førde vart vedteken nedlagt av eit styre som ikkje såg andre alternativ gitt dei økonomiske rammene og prioriteringane som er gjort no og tidlegare.

Dette vart gjort til tross for at helseministeren i januar 2024 ga sjukehusa i oppdrag i auke tal døgnplassar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Ein skulle ha høgare kapasitet i 2024 enn i 2023. Vedtaket er altså gjort stikk i strid med konkret oppdrag frå helseministeren

Senterkvinnene i Sogn og Fjordane krev at:

- Regjeringa føl opp sine eigne instruksar og tek aktivt grep for å hindre nedlegginga av Tronvik.

- Regjeringa sørgar for nok midlar til å drifte sjukehus og behandlingsinstitusjonar etter lovverk og eigne instruksar.

- Helseføretaksmodellen må revurderast og helst erstattast med eit konspet som set helse og fagkunnskap framfor kortsiktige økonomiske omsyn.

Senterkvinnene i Sogn og Fjordane