Hedda Gjelsvik Bjordal på åtte år kan no kalle seg Norges beste juniormønstrar, etter at ho vann landsstemnet på Stavsplassen på Lillehammer. (Begge foto: Privat)

Hedda (8) Årets Juniormønstrar i Norge

I september vann Hedda Gjelsvik Bjordal juniorklassen under ponnyshowet i Hyllestad, og fekk med det moglegheit til å reise til landsmønstringa på Stavsplassen på Lillehammer. I klassen opp til 13 år vann åtteåringen frå Lånefjorden igjen.


– Eg trur eg framleis er litt i sjokk, ler den stolte mora Anne-Jo Bjordal, då Ytre Sogn ringte for ein prat.

Dottera Hedda Gjelsvik Bjordal vann i helga som var nemleg juniorklassen for showponnyar på Stavplassen på Lillehammer, og kan dermed kalle seg den beste junioren i mønstring i Norge.

Vann i Hyllestad
Det heile byrja med at ho i september fekk førsteplass for juniorar under ponnyshowet i Hyllestad, og sjølv om mora hadde prøvd å skru ned forventingane til dottera i forkant, let åtteåringen ikkje seg stoppe av det.

– Ho har nok litt konkurranseinnstinkt, og var heilt klar på at ho var der for å konkurrere. Eg prøvde nok å skru ned forventingane, men då ho vann så fekk eg sjølvsagt klar beskjed etterpå. «Kva var det eg sa, mamma», fortel Bjordal, og ler nok ein gong.

Vinnarane av sju slike show får årleg sjansen til å reise til landsstemnet i ponnimønstring, som altså går føre seg på det store senteret Stavsplassen utanfor Lillehammer. 

Ei oppleving
Med ponnien Bergli Peerie Rose reiste familien til Lillehammer, og igjen var det mor si oppgåve og skru ned forventingane til den konkurranselystne åtteåringen.

– Det er langt å køyre med ungar, to hestar og heile pakka. Men vi tenkte at dette ville bli ei oppleving for Hedda. Igjen tenkte eg jo at det var liten sjanse for å vinne, men ho fekk mykje skryt etter Hyllestad og vi tenkte at når vi først har kome så langt, så må vi jo reise. Det er jo ein stor ting for oss at ho kom vidare, seier Bjordal.

Og nok ein gong var den sjølvsikre åtteåringen på mønstringa for å konkurrere, noko ho også fortalde speaker på staden då dei møttest i forkant av showet.

– Ho sa enkelt og greit til speaker at «ho skulle bli best». Og då ho då vann, var dette noko speaker sjølvsagt tok opp då ho vart annonsert som vinnar. Også denne gongen var det vel ein «kva var det eg sa» til meg.

– Dette er stort for oss, og dette betyr at ho er best i landet i 2023 som juniormønstrar. No er sesongen over, men ho er klar som eit egg til å gjere dette igjen, fortel den stolte mora Anne-Jo Bjordal.

Stort for familien
Nok ein gong ler mora, og fortel at ho framleis ikkje heilt kan tru at dottera har greidd kunststykket å vinne juniorklassen i konkurranse mot mykje eldre og meir «proffe» mønstrarar, fortel Bjordal.

– Mønstring handlar om å vise fram hesten på best mogleg måte. Det handlar om kontakten mellom mønstrar og hest, og om å vise fram hesten sine beste sider – både med tanke på utsjånad og lynne. 

– Kor mykje av æra skal hesten få oppi alt dette?

– Nei, det veit eg ikkje, og nok ein gong er det latter å få frå Bjordal.

– Dette er stort for oss. Dette betyr at ho er best i landet i 2023 som juniormønstrar.

No er sesongen over, men ho er klar som eit egg til å gjere dette igjen. Vi driv ikkje mykje med riding, men ungane er veldig mykje med og steller med desse hestane med mating og den slags. Så dette kjem ho nok til å halde fram med.

– Kjem du til å skru ned forventingane også ved neste konkurranse?

– Nei det viser seg vel at ein veit jo aldri, seier Bjordal, og ler nok ein gong.