Elina Østerbø frå Oppedal/Brekke Skyttarlag toppa nok ein gong pallen under NM i skogsløp sprint og stafett, og vann 18. juli gull i klassen senior damer. Det vart NM-tittel nummer ni på stortalentet. (Alle foto: Oppedal/Brekke Skyttarlag)

Fersk norges­meister klar for nytt NM i skogsløp under Landsskytter­stevnet

Oppedal/Brekke Skyttarlag dominerte nok ein gong under NM i skogsløp sprint og stafett. No ventar ein spanande konkurransedag under Landsskytterstevnet.


Skyttarane i Oppedal/Brekke Skyttarlag er ikkje berre flinke til å treffe blink, dei er og både raske og uthaldande. 

18. juli vart det arrangert Norgesmesterskap i skogsløp sprint og stafett på Tverråsen skytterbane i Steinkjer med rekordmange deltakarar, og det var fleire av skyttarane frå skyttarlaget nord i Gulen som markerte seg med sterke resultat. 

Stortalentet Elina Østerbø forsvarte NM-gullet frå 2023, og vann klassen senior damer. Østerbø sikra seg med det NM-tittel nummer ni.

Radarparet Elina Østerbø og Hannah Rutledal (Gula skyttarlag) tok og sølv for Sogn Ytre Skyttarsamlag i stafett.

Andre medaljørar vart Lasse Oppedal som vart nummer to i ER gutar, Maja Storsæter Hope som vart nummer 2 i ER jenter, og Kristian Østerbø som vart nummer 3 i kl. R gutar. Elina Østerbø og Hannah Rutledal (Gula skyttarlag) tok og sølv for Sogn Ytre Skyttarsamlag i stafett.

Frå fredag 19. juli til fredag 26. juli er det Landsskyttarstemne i Steinkjer der ein solid delegasjon på 18 skyttarar frå Oppedal/Brekke Skyttarlag er med, blant anna den ferske NM-vinnaren Elina Østerbø. Ho skal saman med dei andre deltakarane i aksjon torsdag ettermiddag i NM skogsløp. Åtte av dei som står på startstreken i øvinga er frå Oppedal/Brekke Skyttarlag.

Elles er det svært god breidde i troppen frå Oppedal/Brekke Skyttarlag som stiller på Landsskytterstevnet. Skyttarlaget har med skyttarar frå klassane rekrutt (12 - 13 år) til V73 (over 73 år).

Maja Storsæter Hope (f.v) vart nummer 2 i ER jenter, Lasse Oppedal vart nummer to i ER gutar, og Kristian Østerbø vart nummer 3 i kl. R gutar.