Stig Hovlandsdal Øvreås har for tida rolla som redaktør, desk, grafisk designar og annonsekonsulent i Ytre Sogn, i tillegg til å vere dagleg leiar og ansvarleg for eksterne oppdrag i Tell Media. Færre folk på jobb sommarstid vil føre til færre saker i avisa dei neste vekene, men Øvreås lovar at Ytre Sogn vil kome sterkare tilbake på seinsommaren, og håpar at lesarane vil halde på abonnementa sine også når det blir produsert litt færre saker enn normalt.

Sommartid i Ytre Sogn

Frå 1. juli av tredde eit nytt anbod for avislevering i kraft i Norge, noko som og har innverknad på leveringa av papirutgåva til Ytre Sogn til abonnentar.


– Då vi mista tilgang til den einaste avisbodtenesta som var her i regionen ved årsskiftet og måtte gå over til distribusjon med ordinær postgang, medførte det at det kunne gå mange dagar frå papirutgåva vart sendt i trykken av oss til den dukka opp i postkassane til folk. I den nye avtalen mellom Posten og Samferdselsdepartementet er adressene til abonnentane til Ytre Sogn tekne med, noko som betyr at våre abonnentar igjen vil få avisa levert til seg på utgåvedagen.

Det seier dagleg leiar i Tell Media og redaktør i Ytre Sogn, Stig Hovlandsdal Øvreås. Øvreås fortel at den ufrivillige distribusjonsomlegginga ved årsskiftet har hatt negative konsekvensar for abonnementstalet til avisa i 2024. 

– Dette var ein langt frå ideel situasjon for oss. Det at dei ulike postnummera i nedslagsfeltet vårt og har postombering på ulike dagar gjorde ikkje situasjonen mindre komplisert, så vi er glade for at det nye anbodet der vi også er med no trer i kraft.

Ferietid

Mange aviser vel å redusere talet på papirutgåver om sommaren i samband med ferieavvikling. Ytre Sogn vil halde på sine to papirutgåver i veka, men dei vil nok bli noko tynnare enn normalt.

– Med halv stab på jobb er det naturleg nok vanskeleg å produsere like mange saker som på andre tider av året. Sidan samfunnet elles også går på låggir om sommaren, og det er færre nyhende å melde om, blir det gjerne produsert litt mindre saker no dei komande vekene.

Øvreås håpar på velvilje frå lesarane til Ytre Sogn.

– Vi er som lita lokalavis i ein sårbar posisjon og håpar at lesarane våre ønsker å halde på abonnementa sine også gjennom dei rolegare sommarvekene. Så lovar vi å kome sterkare tilbake med innhaldsproduksjonen vår på seinsomaren og utover hausten.

Ytre Sogn har stor vekst digitalt, og ei forbetring av nettløysingane er ein prioritet for aviseigar Tell Media i 2024.

Framleis digital vekst

Den digitale veksten Ytre Sogn har opplevd dei seinare åra fortset, og det samstundes som talet på trykte papirutgåver går ned. Talet på sidevisningar på ytresogn.no har nesten dobla seg det siste året, og også her har nok omlegginga av papiravisdistribusjonen spelt ei rolle. Auken i nettlesarar påverkar framtidsplanane til lokalavisa.

– Slik eg ser det er det nok meir eit spørsmål om når enn om Ytre Sogn blir ei heildigital avis. Vi er ein liten stab og det går med betydelege ressursar både i form av tid og pengar til å produsere og gje ut papiravisa, ressursar som vi kunne tenke oss å heller bruke på å lage meir og betre innhald på nett, og også vere raskare ute med nettsakene våre. 

Med «deadlinespøkelset» for papirutgåva alltid berre ein arbeidsdag eller to unna legg den mange premiss for prioriteringane i kvardagen i redaksjonen. 

– Papiravisene må bli klare til trykkedeadline, slik er det berre. Det fører til at vi gjerne må prioritere å få ferdig saker som vi har jobba med som ikkje nødvendigvis er av dei mest aktuelle, slik at papiravisa blir fylt i tide. Med ei rein nettugåve vil vi vere meir fleksible med tanke på kva vi gjer først og sist, og kan prioritere å få aktualitetssaker raskare ut til lesarane.

Den digitale satsinga pregar også innhaldsproduksjonen i Ytre Sogn.

– Eit døme på heildigitalt innhald som vi lagar er sommarturneen som eg sjølv har vore på i juni. Dei tre nett-TV-sendingane som har blitt produsert så langt i den serien har hatt i overkant av 15 000 avspelingar på ytresogn.no og Facebook, noko som er gode tal for eit lite mediehus som vårt.

Det digitale fokuset i Ytre Sogn gjer og til at Tell Media jobbar med forbetring av dei tekniske løysingane.

– Vår målsetting er å gjere nettavisa vår så brukarvennleg og god som mogleg, og det same gjeld for innhaldet. Godt innhald som blir tilgjengeleggjort på enklast mogleg måte for abonnentane er ein god kombo, og her har vi ikkje levert godt nok. Eg kan ikkje seie for mykje om dette akkurat no, men kan melde til lesarane våre at vi er klar over at nettløysinga vår ikkje er god nok ut frå kva ein kan forvente frå ei nettavis i 2024, og jobbar i kulissane med å gjere den betre.