Tekniske problem gjer til at ein berre kan bade utandørs om ein besøker Høyangerbadet for tida (Foto: Veri Media)

Har måtte stenge innebassenga i periodar

På grunn av eit defekt ventilasjonsanlegg har Høyangerbadet tidvis måtte stenge bassenga sine inne på dei varmaste dagane i det siste, men utebassenget er framleis opent.


Høyangerbadet er opent, men på grunn av eit ventilasjonsanlegg som ikkje fungerer optimalt har badeanlegget sett seg nøydd til å stenge for bruk av bassenga inne i hallen i ein til to timar for dagen på dei varmaste dagane.

– Vi har opent som vanleg, men når temperaturen inne byrjar å nærme seg 36 grader, noko den har gjort dei siste dagane, må vi stenge av bassenga inne i hallen i ein time eller to grunna arbeidsforholda til dei tilsette. Men utebassenget er sjølvsagt ope i dei periodane vi heldt bassenga inne avstengd, og vi har no byrja prosjekteringa for å få bytta ut det gamle ventilasjonsanlegget med eit nytt. Det er altså ingen dramatikk i dette, og Høyangerbadet vil vere opent som vanleg, fortel driftsleiar Bjørn Løkeland.