Ekteparet Eirik og Therese Strand har allereie leigd ut halvparten av hyttene på Fagerneset på åremål.
- No har hytta blitt oppgradert til dagens standard, seier Eirik Strand og ser seg om i opphaldsrommet i hytte nummer 10 på Fagerneset, feriestaden som han og kona Therese kjøpte hos Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforemning for 3,6 millionar kroner i sommar. Dei overtok eigedomen i slutten av august, og sidan den gong har ekteparet frå Bergen pussa opp både denne og nabohytta, nummer 9. Begge er dermed klare til å takast i bruk. - Planen er å ha seks hytter til klare til utleige til påske, og det skal vi klare, seier han. Og allereie no - knappe to månader etter at dei overtok eigedomen på Norevik, mellom Lavik og Vadheim, har dei leigd ut fem av hyttene. 60 000 kroner kostar det å leige ei hytte i eitt år. I tillegg kjem straum. -Vi hadde rekna med at vi kom til å få leigd dei ut, men ikkje at det ville gå så raskt, seier ho. Dei som har leigd til no bur alle i Vestland fylke. Fleire har også tilknyting til kommunen. Det er nok også litt av forklaringa på at det har gått såpass raskt, trur dei. - Og så fekk jo salet av feriestaden mykje omtale. Det har nok også betydd ein del, trur han. Dei har ei liste med fleire som er interesserte, og difor er ekteparet sikre på at dei også vil få leigd ut resten.