Det må gjerast tiltak som stoppar tapet av natur og ikkje minst areal som bidreg til å lagre karbon. Den internasjonale naturavtalen blir ikkje i stor nok grad følgd opp av regjeringa.
Raudt er ikkje åleine om krav til ei god oppfølging av naturavtalen. Vi er f. eks. kjende med eit interessant opprop frå næringsliv, fagforeiningar, miljø- og friluftslivsorganisasjonar og forsking. Og i komitébehandlinga på Stortinget av naturmeldinga, var Raudt saman med ulike andre parti (H, Krf, SV og V) om ulike fellesforslag for å ta betre vare på naturen. Det er derfor ikkje utan grunn at Sverre Lundemo, seniorrådghevar, naturmangfald i Verdas miljøfond utttala dette: «Men jeg ble veldig skuffa over den grå alliansen mellom Ap, Sp og FrP, som ignorer mye av kunnskapen vi har, og sørget for at naturmeldingen ikke gir det nødvendige skiftet.» Raudt og andre parti stilte forslag om større naturomsyn både når det gjeld plan- og bygningslova og forskrifta om konsekvensutgreiingar. Det gjekk bl.a. på at omsynet til å ta vare på natur, skulle sterkare inn i lova og at uavhengige firma skulle kunne kontrollere konsekvensutgreiingar. Dette er ikkje minst viktig pga. den store trusselen mot arts- og naturmangfaldet som skuldast f. eks. unødvendig vindkraft-utbygging og tankelaus hyttebygging. På Statsforvaltaren i Vestland sine webinar no i januar, kom det fram mykje god dokumentasjon på at det altfor ofte ikkje blir gjort god nok kartlegging av naturverdiar og artsmangfald før det blir teke stilling til nedbygging. Dette har skjedd både pga. manglande kartlegging og dårleg kartlegging. Høyanger kommune skal i åra 2026-2027 lage plan for klima, miljø og energi. Raudt Høyanger forventar at det blir laga og vedteke ein plan som tek den internasjonale naturavtalen på alvor. Naturmangfaldet har vore og er eit avgjerande vilkår for menneska sine levekår. Både attverande urørt/lite rørt natur og gjenlevande artar har ein eigenverdi. Kanskje framtida også vil vise at verdien har strekt seg utover eigenverdien. Årsmøteuttale frå Raudt Høyanger v/ leiar Einar Rysjedal
Naturen har ein eigenverdi
Bortimot 5 000 artar i norsk natur er trua, og det er kritisk for rundt halvparten av artane. Det er i tillegg 123 naturtypar som er trua.