God grunn til å frykte


AP-ordførar Petter Sortland spør i avisene Firda og Ytre Sogn: «Kva er det Rysjedal er redd for?»

Han spør fordi eg meiner at Høyanger og Sunnfjord må seie nei til vindkraftplanane i fjella våre, i staden for at kommunane skal innlate seg på konsekvens-utgreiing.

Det eg er «redd for», eller rettare sagt sikker på, er at Hydro/Eviny/Zephyr sin plan om vindkraft på Snøheia, vil øydelegge både naturmangfald, natur, friluftsliv og allemannsrett. Eg er like sikker på at den same øydelegginga vil vere tilfelle dersom Fred. Olsen Renewables får byggje ut i Sunnfjord-/Høyanger-fjella. Heldigvis sende Høyanger kommunestyre hausten 2019 krav til Fred. Olsen om å trekkje planen. Eg ser ikkje denne forskjellen. Vil Hydro/Eviny/Zehyr fare finare fram?

Ja, eg «redd for» konsekvensutgreiing av fleire grunnar. For det første fordi vi i vindkraftsaka har fått svært mange eksempel på at konsekvensutgreiingar ikkje vektar og ikkje synleggjer naturmangfaldet tilstrekkeleg. Noko av det som hende i på Stadlandet kan stå som eit eksempel:

Konsekvensutgreiing er ofte misvisande og tilslørande, dvs. det motsette av opplysande kunnskap.  NRK har dokumentert noko av dette. Utbyggjar leiger inn konsulentar/firma som får seg til å seie at enkeltelement i verdfull natur har mindre verdi. Slikt skjedde for eksempel på Stad, der Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) ikkje hadde vit til å leggje frå seg ein meiningslaus plan om fem vindturbinar i eit ikonisk kystlandskap. Først gjorde vurderinga av myrlandskapet og kystheia til at Fylkesmannen og Miljødirektoratet sa nei til vindkraftplanen. Då blei det bestilt ei ny utgreiing som blei gjort av mindre erfarne «konsulentar». Naturverdien blei nedgradert. Fylkesmannen varsla NVE om den feilaktige nedvurderinga som var gjort, men til inga nytte. NVE let SFE få viljen sin. Uakseptable sår i Stad-landskapet er der og blir der til evig tid.

For det andre når ein seier ja til konsekvensutgreiing i slik forstand som det her er snakk om, er det ein del av det av å seie ja til konsesjonsbehandling. Det er som del av konsesjonsbehandlinga, styrt av NVE, at det blir konsekvensutgreiing. Når eg tek avstand frå ja-et til konsekvensutgreiing, er fordi ein med konsekvens-utgreiing har gått på limpinnen og kan bli sitjande fast der. 

For det tredje: Har vi ikkje snart nok kunnskap om det som har skjedd andre stader? Har vi ikkje nok kunnskap til derfor å seie nei til utbygging slik vi tidlegare har gjort?

Det vi burde ha meir kunnskap om, er frå Hydro:  Vil selskapet gje oss absolutte garantiar for at her skal byggjast ein ekstra elektrolysehall? Det er det som trengst – ikkje luftslott. Eg er «redd for» at Hydro ikkje gir slike garantiar. Det har dei nemleg aldri gjort!

Einar Rysjedal
Raudt