Villgeitene på Kvist har fått nasjonel merksemd, og politikarar frå heile politiske spekteret har engasjert seg i saka.

Geitene skal på tinget, men har dei støtte?

Det er komme forslag i Stortinget om å redde villgeitene på Kvist, men kva geitestøtte er det å finne der?


Førre veke kom forslaget i Stortinget frå Sofie Marhaug og Raudt om å overstyret Mattilsynet og finne ei løysing for å la villgeitene på Kvist leve vidare. Og geiteflokken har skapt eit engasjement som geiter sjeldan skapar.

Både NRK og VG har omtalt saka, og fleire nasjonale politikarar har komme på bana for å ta dyra i forsvar.

– Misforstått dyrevern

Raudt kan ein nok vente vil stemme for sitt eige forslag, og SV har også signalisert at dei ønskjer å stemme for å halde geitene på Kvist i live. Men det er framleis langt til eit fleirtal i Stortinget.

Sofie Marhaug sa til Ytre Sogn førre veke at ho har tru på at den nye parlamentariske situasjonen i Stortinget, etter at Senterpartiet gjekk ut av regjering, no gir eit håp for at Stortinget skal stemme for forslaget ho la fram saman med Mímir Kristjansson og Tobias Drevland Lund.

Alfred Bjørlo i Venstre har uttalt til NRK at han meiner Mattilsynet burde ha betre ting å bruke tida si på.

– Dette er misforstått dyrevern, seier han.

Støtte på høgresida

Også Olve Grotle i Høgre har engasjert seg i saka, og i ein e-post til VG er han også frustrert over at det ikkje har blitt funne ei betre løysing enn avliving av geitene.

– Eg har tidlegare stilt ministeren spørsmål om det ikkje kan finnast gode alternativ til avliving, utan at det blei gitt noko skikkeleg svar på det. Det synest eg var uheldig, på same måte som at forvaltninga og til sist ministeren ikkje har greidd å finne noko anna løysing enn å avlive dyra.

Olve Grotle har tidlegare stilt spørsmål på Stortinget i villgeitsaka. (Foto: Stortinget)

Også til høgre for Høgre finn ein geitestøtte, og tidlegare landbruksminister Bård Hoksrud i Framskritsspartiet meiner det er for vilt å ta livet av dyr som har blitt ville.

– Det høyrest vilt ut at ein skal ta livet av geitene berre fordi dei har blitt ville, seier han til VG.

Skal opp i næringskomitéen

Saka har blitt tildelt næringskomitéen og der sit tidlegare kommunalminister Erling Sande (Sp) som leiar. Han seier at han i utgangspunktet er positiv til å finne ei løysing for villgeitene som ikkje betyr avliving, men at det vil bety at dei som har engasjert seg for geitene må ta ansvar.

– Vi i Senterpartiet skal drøfte forslaget frå Raudt, men mitt utgangspunkt er at om nokon av dei som no har eit stort engasjement for at dyra skal få leve organiserer seg, og etter avtale med grunneigar og mattilsynet tek ansvar for nødvendig oppsyn og oppfølging - så bør desse dyra få leve, seier han til Ytre Sogn.

Saka skal opp i Næringskomitéen, og komitéleiar Erling Sande seier dei som har engasjert seg for dyra kan finne ei løysing med nødvendig oppsyn og oppfølging.

Dette er langt på veg det same som Mattilsynet har sagt, men det er nettopp her kjernen i den betente saka ligg. Grunneigar sjølv meiner at desse geitene ikkje tilhøyrer nokon, og at dei er ville dyr som ikkje krev noko tilsyn.

Dermed er det vanskeleg å sei om han og partiet vel å la Mattilsynet sitt vedtak stå, eller om dei vil vere med på ei overstyring og ei alternativ løysing. Men med den noko utradisjonelle konstellasjonen av Raudt, SV, Venstre, Høgre og Framskrittspartiet så har ein akkurat eit fleirtal på Stortinget, med 85 stemmer og dermed ei stemme overvekt.

Men det er sjølvsagt ikkje gitt at alle frå desse partia stemmer for saka, eller stemmer i det heile tatt.

Det er ikkje sett dato for behandling i komité eller Stortinget endå.