Laurdag vil nok vaskehallen til Lavik Maskinsenter få køyrt seg, for då vil dagleg leiar Frode Akse gi vekk gratis reingjeringsrundar til dei som vil prøve den ut under ein aktivitetsdag med fokus på bilvask.

Går for gullande reine bilar i Lavik

Lavik Maskinsenter inviterer til automobil vårvask.


Våren 2022 utvida Lavik Maskinsenter eigedomsmassen sin med eit nybygg på 273 kvadratmeter der mellom anna verkstaden til bedrifta gjekk frå 22m2 til ein på 127m2. Ein annan sentral del av oppgraderinga var ein splitter ny og heilautomatisk vaskehall for bilar, og prislappen på heile gildet kom på åtte millionar.

No to år etter er det ikkje reint få doningar som har fått seg ein skyll i anlegget, men dagleg leiar Frode Akse hadde ikkje hatt noko imot at enda fleire hadde fått bilen sin «shina» i Lavik. Han inviterer derfor no til aktivitetsdag der bilvask står i sentrum.

– Eg veit ikkje kor lurt det er å gje vekk gratis bilvask og selje vaskekort til halv pris, men det er no ein gong det vi gjer laurdag. Vi vil og gje vekk diverse premiar der vinnarane blir trekt ved hjelp av eit lykkehjul, og så finner vi heilt sikkert på nokre fleire sprell utan at vi heilt veit kva enda.

Akse fortel at målet med aktivitetsdagen er å gjere vaskehallen betre kjent i regionen, og senke terskelen for å bruke den.

– Det kan jo vere nokre som er usikre på korleis den fungerer, eller korleis prosessen er. Det vil dei kunne få svar på i helga.

Det var «gamlefar» Torbjørn Lavik som fekk æra av å opne nye Lavik Maskinsenter i 2022, og det gjorde han i form av ei noko uvanleg «snorklipping».

Vekk med saltet

Høgsesongen for bilvaskehallen er ifølge Akse når folk vil ha av saltet som har blitt strødd på vegane vinterstid.

– Då har vi størst pågang, men hallen blir eigentleg jamnt brukt heile året. Her kjem det all slags folk med alle moglege typar bilar, men om eg skal trekke fram ei gruppe som kanskje nyttar hallen meir enn andre må eg sei at unge vaksne med fine bilar som dei vil ta godt vare på stikk seg ut som gruppe.

Men Akse fortel og at folk kan bli for glade i bilen sin til å nytte seg av vaskehallen.

– Nokre er såpass påpasselege at dei ikkje ønsker å utsette bilen for børstar og maskinell skrubb. For den gjengen er det handvask som gjeld, men for dei fleste andre er vaskehallen eit godt alternativ. Her får du bilen flunkande rein og polert på 15 minutt.

Toppmoderne

Då Lavik Maskinsenter opna vaskehallen i 2022 hadde dei slått på stortromma når det kom til fasilitetane.

– Sjølve vaskesystemet her er  det nyaste som finst på marknaden frå Kärcher, og eg trur vi var den andre vaskehallen i landet som fekk dette anlegget. Så nytt var det den gongen at vi måtte montere det sjølv, og det er først no i ettertid at Kärcher har byrja å installere slike system i vaskehallar landet rundt.