Oljeleverandøren opna sin nye bensinstasjon i Lavik tysdag i førre veke. Det har ført til låge drivstoffprisar, men og bekymringar rundt potensiell forureining.
Tryggleiken er på topp, forsikrar bensinstasjoneigar

Fryktar miljø­bombe i Lavik

Den nye bensinstasjonen i Lavik polariserer.


Førre veke opna Oljeleverandøren sin nye bensinstasjon i Lavik, og med det ligg det no to bensinstasjonar berre eit steinkast frå kvarandre i bygda. 

Opningstilbod har ført til at Lavik, ifølge Drivstoffappen, har hatt den lågaste bensinprisen i landet fleire dagar etter opninga. Bensin til ned mot 16 kroner literen har fått mange til å fylle tanken hos Oljeleverandøren, og naboen Circle K følgde og etter og sette ned sine prisar. Dei to har i dagane etter opninga veksla mellom å ha det rimelegaste drivstoffet tilgjengeleg på sine pumper.

Auka konkurranse og rimelegare drivstoff har gjort til at mange har ønska Oljeleverandøren sin nye stasjon i Lavik velkommen, men det er ikkje alle som ser like positivt på etableringa. 

Ein av dei er Jens Friis. Han bur i Lavik, og er redd for at den nye stasjonen vil føre til forureining.

– Eg vil kalle den nye stasjonen for ei potensiell miljøbombe. Den er plassert på ein grusplass og det vil uunngåeleg førekomme at nokon sølar under fylling, og da går drivstoffet rett i grunnen.

Friis er redd for at ein skal få ein tilsvarande situasjon for dette området som den nye bensinstasjonen står på som er tilfelle for tomta der den gamle bensinstasjonen i bygda låg, like ved «griserumpa» som tidlegare var nedkøyringa til ferjekaien. 

– Dette er ei tomt som har mykje forureina jord som følge av drifta som var der tidlegare. Her må ein byte ut mykje masse om ein skal bygge noko nytt, og for meg er det hol i hovet at ein no risikerer noko tilsvarande midt i sentrum. Og det til og med for å tilby ein type drivstoff som er på veg ut, og som er meint erstatta med meir miljøvennlege alternativ.

Friis er redd for at alt er på stell no i samband med etableringa med alle søknadar innvilga og kartleggingar på plass, men at Oljeleverandøren ikkje vil følge like godt opp den dagen stasjonen eventuelt skal avviklast. 

– Vi har sett mange eksempel på selskap som slår seg konkurs  eller på andre måtar unngår å måtte rydde opp etter seg den dagen det ikkje er meir pengar å hente, og det berre er rekninga for oppryddinga som står att.

På den andre sida av vegen i Lavik sentrum står Circle K sine pumper. Dei har sett ned sine prisar som følgje av den nye konkurransen, og dei to selskapa har veksla mellom å tilby det rimelegaste drivstoffet den siste veka.

Toppmoderne løysingar

Dagleg leiar Thomas Alvheim i Oljeleverandøren er smått oppgitt over bekymringane til Friis, og viser til at Oljeleverandøren er eit lite lokalt selskap starta av tre gründerar som ønsker å tilby rimeleg drivstoff til folket, og som driftar på ein ansvarleg og miljøbevisst måte.

– Det er ein del uro her som nok har sitt utspring i manglande kunnskap hos betrevitarar, og som ikkje er fundert i fakta. Ein kan jo og stille spørsmål om det kan vere noko misunning ute og går.

Alvheim opplyser om at Oljeleverandøren sin nye stasjon tilfredsstiller alle krav, at dokumentasjonen er i orden, og at naudsynte løyver har blitt gitt.

– Det er berre å gå til kommunen eller ta kontakt med oss om ein skulle lure på noko knytt til dokumentasjonen. Det har blitt gjennomført grundige undersøkingar av mogleg påverknad på sjø, skog, fauna, og luft, og alt er innanfor gjeldande krav. Du får ikkje eit tryggare drivstoffanlegg enn det vi no har sett i drift i Lavik. 

Anlegget er ifølge Alvheim i toppskiktet både når det kjem til kvalitet på løysingar og moglegheiter for å oppdage feil.

– Det er langt fleire barrierar her enn i meir tradisjonelle drivstoffanlegg som er nedgravne. Denne løysinga består av ein tank som er sett saman av ein innertank og ein yttertank, og det er og eit oppsamlingskar inne i tanken. Den einaste måten kor det kan oppstå drivstoffspill på her er ved om nokon er uheldige eller med overlegg søler med fyllepistolen.

Alvheim fortel om mange tryggleiksmekanismar og alarmsystem ved stasjonen, og meiner at plasseringa på grus også har sine fordelar når det kjem til tryggleik og forureining.

– Grus vil bli misfarga om det kjem drivstoffsøl på den, så det er lett å oppdage. Og når noko har blitt oppdaga er det også mogleg å gjere tiltak, til dømes ved å byte ut den forureina massen. Vi er også juridisk bundne til å rydde opp og fjerne anlegget ved endt kontrakt. 

Ved «griserumpa» i Lavik ligg tomta der den gamle bensinstasjonen i bygda låg. Her er grunnen forureina og det må ei kostbar utskifting av masse til om det skal byggast noko nytt her.

Tryggare enn nedgravne anlegg

Alvheim meiner at bensinstasjonløysinga med tankar over bakken plassert på ein grusplass er langt sikrare enn variantar der tankane er nedgravne og drivstoffpumpene står på asfaltert grunn.

– Om ein ser på forsikringssaker og tilfelle med drivstoffanlegg som har hatt lekkasje og forureina omgjevnadane, så ser ein at den store majoriteten av desse omhandlar nedgravde anlegg med asfalt på topp. Slike anlegg kan byrje å leke utan at ein oppdagar det sidan tankane ligg i grunnen, og det kan gå lang tid før ein blir klar over kva som har skjedd og kan sette i verk tiltak. Noko mange ikkje tenker på er og at asfalt heller ikkje er tett. Drivstoff vil gå igjennom asfalten, og det kan og flyte ut og forbi det asfalterte området, særleg om det regnar. Det kan derfor vere ein falsk tryggleik om ein trur at asfalten er ei heilt tett barriere ned mot grunnen.

Oljeleverandøren har i dag 26 tankstasjonar for bil og båt i Norge. Dei aller fleste ligg i gamle Hordaland fylke, men ein ligg i Larvik, og to ligg i gamle Sogn og Fjordane. Våren 2022 vart ein stasjon sett opp i Førde, og tysdag opna altså stasjonen i Lavik.

Drivstoffsatsinga til selskapet som vart etablert i 2013 har vore ein suksess. Den samla omsetninga dei første ti åra er på 4,5 milliardar, og resultatet før skatt har vore på 155 millionar samla. Hovudinntekts­kjelda er levering av drivstoff til  entreprenørar og andre proffkundar, medan drivstoffsal til forbrukarar gjennom stasjonar utgjer omlag 20% av omsetninga.

– For oss gir det god meining å etablere ein stasjon i Lavik som vi kan fylle opp med dei same tankbilane som reiser til Førde for å fylle stasjonen der. Vår målsetting har heile vegen vore å gje folk eit rimelegare drivstoffalterantiv, og vi har tidvis selt drivstoff med tap for å halde på vårt konsept med ein fast pris over tid. Vi trur at vår etablering er noko som kan kome innbyggjarane i og rundt Lavik til gode, i tillegg til dei mange som kjem til bygda for å ta ferja.

Alvheim viser til at dei er ein mindre aktør som fokuserer på service og tillit framfor maksimal økonomisk gevinst, noko han meiner at til dømes Circle K gjer. Til samanlikning  hadde storebror Circle K ei omsetning på 1,1 milliardar i 2023, og eit resultat før skatt på 674 millionar.

Vi fokuser på miljøvennlige og bærekraftige løsninger i produksjonen og leveransen av våre produkter, for å imøtekomme stadig økende krav til miljøansvar.

oljeleverandoren.no

Kommunen ikkje uroa

Kommunalsjef samfunn i Høyanger kommune, Jan Kaare  Hellevang, seier i ein kort kommentar at kommunen ikkje har nokon innvendingar mot nyetableringa i Lavik, og at Oljeleverandøren har gjennomført alt selskapet er pålagt ovanfor kommunen knytt til etableringa av stasjonen.

Han er heller ikkje bekymra for manglande vedlikehald, iverksetting av tiltak om det skulle oppstå forureining, eller opprydding og fjerning av forureina masse om stasjonen skulle bli stengt, og viser til at Oljeleverandøren er ein veletablert og seriøs aktør.

Naboen Circle K har ikkje hatt høve til å kommentere prissituasjonen i Lavik grunna sjukdom, men Alvheim i Oljeleverandøren er ikkje i tvil om at deira drift i Lavik har ein positiv innverknad på lokale bilistar med fossilt drivstoff på tanken sine lommebøker.

– Den dagen Oljeleverandøren ikkje lengre er i Lavik så vil drivstoffprisane umiddelbart auke med 3 - 4 kroner literen, så vi håpar at lokalbefolkninga støttar opp under oss som ein lokal leverandør med fast låg pris.