Drosjeeigar Olav Brekken og Tesla’en hans var blant dei som var fremst i køen då ny hurtigladestasjon for elbilar nyleg opna i Høyanger.

-Det er frå Høyanger og Lavik eg har flest turar. Så det er bra, seier drosjeeigaren frå Vadheim. Torsdag i førre veke kunne han og andre ta i bruk den nye ladestasjonen i Høyanger sentrum, som Høyanger kommune og Grønn Kontakt har gått saman om å setje opp. Sistnemnde, som er ein veletablert nasjonal operatør av hurtigladarar, driftar per i dag ladestasjonar på over 80 stadar i Norge. Tilsaman har Høyanger kommune, Grønn Kontakt og Sogn og Fjordane fylkeskommune investert 500.000 kroner i den nye ladestasjonen. Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!