Etter at det ikkje lengre vart mogleg å fornye pass og ID-kort på lokale politistasjonar i Norge har det «rullande pass- og ID-kontoret» til politiet med base i Bergen reist jamt og trutt på turné på Vestlandet.
I februar kjem det til både Høyanger og Hyllestad, og tenestestadsleiar for politiet i Høyanger, Kristoffer Jorddal Lønning, seier at det framleis er mogleg å bestille timar hos «passbussen» når den om litt vil parkere utanfor politistasjonen i Høyanger.
– Det har pleid å vere stor pågang på det mobile pass- og ID-kontoret når det har vore her. Normalt har bussen vore i Høyanger i to - tre dagar, men no har det blitt utvida til ein femdagars stopp hos oss så alle som ønsker å fornye identitetsdokumenta sine no på nyåret kan få gjort det.
Den største pågangen på fornying av pass og ID-kort er typisk på våren når sommarferien og utanlandsturar nærmar seg.
– Om ein har planar om å reise utanlands i år kan det vere lurt å ordne med dette alt no. Mi oppfordring er å nytte høvet når det mobile pass- og ID-kontoret først er her, så er det gjort, og så slepp du køar og stress når det byrjar å haste med å få papira i orden.
Praktisk tilbod
Til kvardags er det for dei fleste i ytre Sogn Førde politistasjon som er det næraste alternativet om ein skal ordne med nye identitetsdokument. Ein må bestille time om ein skal søke om eller fornye pass og ID-kort også der, og i dei periodane kor det er størst pågang kan det vere få timar å velje blant, og dei som er tilgjengelege kan vere langt fram i tid.
– Det kan komme brått på at ein ikkje nødvendigvis kan få ordna dette på direkten, og for nokre kan det halde hardt å rekke avreisetidspunktet om ein ikkje er ute i god nok tid med timebestillinga. Om ein tek dette alt no unngår ein alt av stress og bekymringar.
Lønning håpar innbyggjarane i nærområdet set pris på moglegheita til å få ordna pass og ID-kort lokalt, og at tilbodet blir nytta.
– For mange er det langt meir praktisk å stikke innom «passbussen» ein tur enn å måtte bruke fleire timar på å reise til Førde. Så om du skal søke om eller fornye pass eller ID-kort i år håpar eg du vurderer å gjere det her. Da kan vi oppretthalde eit godt og tilgjengeleg tilbod som alle kan nytte seg av, også dei som har vanskar med å komme seg til Førde mellom kl. 09:00 og 15:00 på kvardagar.
Nyttig kontaktpunkt
Lønning har sjølv hjelpt mange som har vore innom politistasjonen i Høyanger med nye pass i tidlegare tider da ein kunne få ordna slikt der, og for tenestestadsleiaren hadde det ikkje gjort noko om det hadde vore mogleg også no.
– Vi likar jo å hjelpe folk, og det var alltid triveleg når folk stakk innom for å ordne med passa sine. Det var og eit nyttig kontaktpunkt mellom oss i politiet og innbyggarane, for vi fekk greie på ein god del under småpraten som gjerne oppstod i den tida det tok å få ordna med papirarbeidet.
Opningstider mobil passkiosk
-
Høyanger
6. februar: kl. 08:00 - 15:30
7. februar: kl. 08:00 - 12:00
10. februar: kl. 11:30 - 15:30
11. februar: kl. 08:00 - 15:30
12. februar: kl. 08:00 - 12:00
-
Hyllestad
20. februar: 08:15 - 15:30
21. februar: 08:15 - 11:30
Time kan bestillast på pass-og-id.politiet.no/timebestilling
Dette må du ha med til timen din
- Det gamle passet ditt
- Noko å betale med (bankkort, mobiltelefon, smartklokke eller kontantar)
- Til barn: samtykke og pass eller nasjonalt ID-kort
- Dokumentasjon om du er ny norsk statsborgar
- Dokumentasjon om du er norsk statsborgar og bur i utlandet
Du skal ikkje ha med eige bilde. Det blir tatt bilde av deg når du møter opp til timen din.
Meir info finn du på politiet.no