Styreleiar Kenneth Bruvik i Framtidshavet hadde ingen problem med å finne plast i fjæresteinane då han var på turne langs Sognefjorden i slutten av april. No inviterer organisasjonen alt som kan krype og gå langs «kongen av fjordane» til ein felles dugnad 12. september for å rydde den for plast. (Begge foto: Framtidshavet)

Framtidshavet vil rydde Sognefjorden, og inviterer Høyanger med på laget

12. september skal Sognefjorden ryddast for plast.


Framtidshavet er ein organisasjon som med hjelp frå 2381 frivillige plukka opp 20,2 tonn med plast frå Hardangerfjorden som eit pilotprosjekt i 2022. Aksjonen vart ein stor suksess, noko som førte  til at det vart utvida til å bli eit femårig prosjekt. Men nytt av året er at stiftinga no også ønsker å utvide til å rydde storebror i nord.

I slutten av april gjennomførte Framtidshavet ein turne langt Sognefjorden for å informere kommunane om planane sine, og få eit inntrykk av behovet for rydding i den lengste og djupaste fjorden i landet.

– Vi har tatt nokre stikkprøvar, og det er ikkje akkurat vanskeleg å finne plastboss i og langs fjorden, så det er definitivt eit stort behov for ein storstilt ryddeaksjon også her, seier ein svært engasjert Kenneth Bruvik i Framtidshavet.

Han håpar på drahjelp frå kommunar, bedrifter, skular og privatpersonar.

– Absolutt alle er velkomne til å bli med på denne mobiliseringa for fjorden som alle i Sogn har eit forhold til og er glade i. Det vil om kort tid bli mogleg å melde seg på ryddeaksjonar på nettsida vår framtidshavet.no, og der kan ein og etter kvart få meir informasjon om aksjonen.

Bruvik fortel at dei har lånt uttrykket «berre gjer da» frå treningseksperten Yngvar Andersen, og at dei gjerne og opererer med slagordet «alt skal vekk».

– Alle kan gjere noko. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Og om mange nok blir med, så blir og resultata deretter.

Leiargruppa i Høyanger kommune var lydhøyre då Kenneth Bruvik var på besøk og la fram planane til Framtidhavet.

Kommunen på tilbodssida

Det er mykje som må planleggast når ein fjord så stor som Sognefjorden skal ryddast, og Framtidshavet er no i ferd med å finne ut kor dei kan etablere sin base i Sogn.

– Responsen vi har fått så langt har vore overveldande positiv, og tilbakemeldingane går på at dette er både gøy og bra. Så håpar vi sjølvsagt på at ord kan bli til handling, og at så mange som mogleg blir med på eit felles løft.

Blant dei som har blitt utfordra om å bli med på aksjonen er Høyanger kommune – kommunen som er den einaste i verda som kan skryte av å vere på begge sider av Sognefjorden – og ordførar Petter Sortland fortel at dei gjerne spelar på lag.

– Vi har blitt utfordra på å samle fjordentusiastar som båforeiningar og jakt- og fiskelag, men også andre som er glade i og brukar fjorden til å bli med på dugnaden. Vi skal og bidra med å identifisere kjentfolk på begge sidar av fjorden som kan vere med på å planlegge og gjennomføre aksjonen. Dette er eit fantastisk initiativ som vi støttar fullt ut.

Ordføraren fortel at kommunen også vil ta på seg rolla som ein pådrivar ovanfor lokalt næringsliv.

– Både vi og Høyanger Næringsutvikling vil i samarbeid med Framtidshavet ta kontakt med bedrifter og høyre kva dei kan bidra med i denne samanhengen.