I september kjem det mobile pass- og ID-kontoret til Høyanger og Hyllestad.

Rullande passkontor til Høyanger og Hyllestad i september

Sidan 2021 har eit rullande, fullt utstyrt passkontor gjort det lettare for folk i distrikta å skaffe seg nytt pass. I september kjem det tilbake til Høyanger og Hyllestad igjen.


Ein må framleis bestille time på det rullande kontoret, noko ein gjer på vanleg måte på nettet.

I 2021 vart to rullande passkontor innført, etter at passkontora gjekk frå 140 til 78 tilbake i 2018. Det rullande passkontoret skal gjere det lettare for dei med lang reiseveg til passkontora, og skal i utgangspunktet gjelde for dei med meir enn 45 minutt til næraste kontor.

Folk i Høyanger kommune må til Førde, og dei fleste i kommunen har nok kortare reiseveg enn 45 minuttå, men 11., 12., og 13. september kan ein likevel nytte det mobile pass- og ID-kontoret i Høyanger.

I Hyllestad kommune får dei besøk av passkontoret 19. og 20. september.

Nytt av året er at om ein skal ha pass til born, så må begge foreldra møte fysisk på eit passkontor. Dei treng ikkje møte på same tid for å gje samtykke, men ordninga som var før med samtykkeskjema er altså ikkje lenger gjeldande.

Det er også krav om å ha med det gamle passet, om ein skal få utlevert eit nytt.

 

  Fakta om mobile pass- og ID-kontor

  • Innbyggarane kan bestille time på politiet.no

  • Når ein legg inn stad eller postnummer i timebestilling, får ein opp nærmaste kontor. Viss eit mobilt pass- og ID-kontor har stoppestad i nærheita, kjem det opp som alternativ.

  • Søknadsprosessen er den same som på eit vanleg pass- og ID-kontor. Ein må ha med passet sitt når ein skal søkje, sjølv om det er gått ut på dato. Dersom ein ikkje har pass frå før, må ein dokumentere identiteten sin på anna måte.