Innbyggjarane på Høyanger sørside har etter kvart blitt godt vant med at den siste båtruta frå Ortnevik til Nordeide søndag kveld er forseinka grunna hybridbåten MS «Lysefjord» sine utfordringar med lading.
Mange har derfor meldt seg på Skyss si teneste med SMS-varsling, der ein får melding om det skulle oppstå forseinkingar og innstillingar. Ein av dei er Arve Søreide, som har ein son som går på Høyanger vidaregåande skule, og ei dotter som studerer i Førde. Begge er gjerne heimom i helgane, men returnerer til Høyanger tettstad og Førde søndag kveld for å ta til på ei ny skuleveke måndag morgon. Også denne søndagskvelden skulle begge saman med andre elevar og studentar ta båten frå Ortnevik til Nordeide som normalt, men slik gjekk det ikkje. – Eg fekk ein SMS kl. 18.41 om at Lysefjord var om lag 15 minutt forseinka frå Vik, noko som er heilt vanleg, og at denne forseinkinga også ville gjelde for avgangen frå Ortnevik kl. 19.25. Vi tok derfor høgde for dette og reiste frå Søreide sånn at vi skulle komme fram til Ortnevik rundt kl. 19.30, så ungane kunne ta båten kl. 19.40, 15 minutt etter ruta. Men da dei unge sørsidingane kom fram til kaien i Ortnevik hadde Lysefjord alt vore der, og reist igjen med kurs mot Nordeide. – Eg ringte da til kapteinen for å høyre om dei kunne snu, men det kunne dei ikkje. Søreide irriterte seg over at dei hadde fått ei melding om ei 15 minutt forseinking kort tid i førevegen, for så å bli ståande igjen etter at dei hadde justert reiseplanane sine ut frå den, men det var lite sympati å hente frå mannskapet ombord. – Kapteinen gav eit ganske surt svar og sa at dei hadde vore forseinka frå Ortnevik, men at dei hadde tatt inn ein del tid på veg ut frå Vik, og dermed kunne gå derifrå berre to minutt etter ruta. Han sa og at vi som passasjerar må forhalde oss til rutene, og møte opp på kaiane ut frå dei. Beskjeden om at reisefølget langt på veg kunne skulde seg sjølv for at det vart ein lang omveg via Oppedal denne kvelden gjorde ikkje humøret til Søreide noko betre.