«Snøheia Industrikraft» er ikkje eineståande


Hydro har valt å profilere seg som eineståande med sitt samarbeidsprosjekt med Zephyr og Eveny, som dei kallar «Snøheia industrikraft». Dei forsøker å få det til å framstå som eineståande ved å kalle det «industrikraft». Det skal sjå ut som at dette er noko som er eit særskilt gode for industrien, - men er det verkeleg slik?

Kva tilseier at dette er noko eineståande som fremjar industrien? Dette er eit spørsmål det er viktig at folk i dei råka kommunane forstår svaret på, nettopp fordi utbyggjarane no er ute og lokkar og lirkar, - ja, no også jamvel trugar med industrinedlegging, for å få igjennom ei konsekvensutgreiing.

I denne samanheng er det verd å minne om kva verknad eit vindkraftanlegg, slik som eit tenkt «Snøheia industrikraft», har på energisystemet. Kort oppsummert medfører det at meir uregulerbar kraft vert mata inn i samkøyringsnettet, noko som medfører at meir linekapasitet må byggjast for å handtere den auka ustabilitet dette medfører i nettet. Dette driv opp systemkostnadane.

Som mange har fått med seg orienterte leiaren for Norges vassdrags- og energidirektorat, Kjetil Lund, om ei forventa 25% auke i nettleiga. Systemkostnader knytt til vindkraftutbygging utgjer her ein monaleg del, og sjølvsagt vil også eit mogleg Snøheia prosjekt bidra. 

Det at ein kallar det «industrikraft» gjer ingen forskjell.

Videre vil «industrikraft»-prosjektet føre til trong for høgt prisa balansekraft kvar gong det ikkje bles høveleg, - og det er ganske ofte for høveleg vind er stort sett mellom 5 og 25 meter per sekund. Sjølvsagt kan Hydro og Eveny, som sjølve kontrollerer store mengder vasskraft, tenkjast å «sponse» prosjektet med «subsidiert» balansekraft. Dette er nok likevel urealistisk i ein open kraftmarknad.

Eit anna område «Snøheia industrikraft» heller ikkje er eineståande, er på måten dei «strekk sanninga» for at utbyggingsprosjektet skal framstå attraktivt. Hydro, Eveny og Zephyr er her som resten av vindkraft industrien, - lemfeldige med sanninga.

I pressekonferansen «Snøheia industrikraft»-partnarane nyleg heldt om sitt planinitiativ vart det synt grafar for forventa utbyggingskostnad.

Hydro går ut og seier at dei må «snu alle steinar» for å få til å dekke inn kontraktsbortfall som inntreff i 2030. Difor er Snøheia utbygginga så viktig vert det hevda.

Dette framstår ikkje særleg truverdig, då Hydro over lang tid har hevda at deira «tålegrense» for kraftpris ligg på 30 - 40 øre/kWh.

Leiaren for Eveny, Ragnhild Fresvik, som også er partnar i «Snøheia Industrikraft» har på si side uttalt at ho forventar minst 60 øre/kWh som pris for deira vindkraft (Tellenes, Guleslettene og poensielt Snøheia). Dette heng såleis ikkje i hop.

Når vi ser nærare på det som vart lagt fram på pressekonferansen så vert det lagt til grunn ein forventa kostnad for vindkraft (såkalla LCOE) på 41 øre/kWh som er den produksjonskost NVE ut frå gjevne føresetnader forventar. Allereie med 41 øre/kWh er dette i overkant av Hydro si «tålegrense».

Det som er viktig å forstå er at også NVE opererer med tal som får vindkraft til å sjå meir attraktivt ut enn det eigentleg er. Føresetnaden som ligg til grunn for 41 øre/kWh er ein kapasitetsfaktor (effektivitet) på 38,4 %. Dette er svært høgt. Samanliknar vi tildømes med gjennomsnitt innrapportert kapasitetsfaktor for alle norske vindkraftverk dei siste 10 år er talet 32,5 %. Med dette som føresetnad vert produksjonskostnaden (LCOE) høga til 48,4 øre/kWh, med andre ord høgt over «tålegrensa».

Som om ikkje dette er nok, så har vi sett på kva kapasitetsfaktor som kan forventast basert på tilgjenglege meterologiske data i nærområda til Snøheia, nærare bestemt Bringeland lufthavn (nord-vest), Kvamsfjellet (nord-aust) og Vikafjellet (sør-aust). Ved å legge vinddata for perioden mars 2023 til mars 2024, samt karakteristikk for ein moderne 6 MW Enercon vindturbin (E-175) til grunn, får vi ein forventa kapasitetsfaktor. Denne er på 22 %, noko som endrar LCOE verdien til 71,5 øre/kWh. Vi endar såleis ut høgt over Hydro si tålegrense for energipris. På toppen av dette kjem sjølvsagt også auka systemkostnader og tilrettelegging for meir spekulasjon på kraftbørsen, som vanlege forbrukarar og anna næringsliv må bøte for.

Alt dette sler inn sjølv om utbyggjarane har funne eit attraktivt og eineståande namn til Snøheia prosjektet.

I røynda fremjar «Snøheia industrikraft» eit vindkraftprosjekt likt alle andre utbyggjarar, - dei «pakkar det berre inn» som noko som er langt meir attraktivt enn det verkeleg er.

Eit velmeint råd er difor: Gløym vindkraft på Snøheia og ikkje kast bort tid og pengar på ein meiningslaus konsekvensutgreiing. 

Kunnskapen har vi allereie.

Kurt Jan Nilsson